Bildeling er kjent i store byar, ikkje så kjent i mindre byar. Ålesund kommune har ilag med Ålesund parkering, TAFJORD og Sparebanken Møre tatt initiativet til å etablere ei bildeleordning i regionen. Partnarane fann saman i Framtidslaben. Dette har resultert i at kommunen har lyst ut konkurranse og bildeleleverandøren OTTO Mobility AS fekk tilslaget. 

Kommunen har kjøpt seg tilgang til bildelebilar mellom 07.30-16.30 på kvardagar. Utanfor desse tidspunkta er det fritt fram for kven det skulle vere å leige desse bilane. Kommunen ønsker at denne måten å skaffe seg bil i tenesta på, vil auke med tida. Samtidig håper initiativtakarane at løysinga er interessant for både næringslivsaktørar og andre. 

Ordninga er open for tilsette og innbyggarar.

Ordninga er enkel, alt er styrt av ein app og det er OTTO som står for alt det praktiske rundt ordninga.  

Bildeling er ei direkte reaksjon på kva FN seier ein smart og berekraftig by skal vere. Bildeling omfattar alle 3 dimensjonar av bærekraftsmåla; det sosiale, det økonomiske og klima/miljø-perspektivet. 

Økonomisk:  

  • Utfordre bil nr. 2 eller 3 i privathusholdningar  
  • Privatpersonar betaler for bil kun når dei bruker den  
  • Betre utnytting av kommunen sin bilpark, gir økonomisk gevinst  
  • Færre bilar gir eit bidrag til betre trafikkmønster  
  • Du slepp vedlikehald – forutsigbar økonomi.  

Klima og miljø  

  • Betre utnytting av dei bilane som allereie er produserte, bidrar til færre bilar  
  • Elbilar gir mindre utslepp  
  • Bidrar til materiell forbruksreduksjon.   

Sosialt aspekt 

  • Gir tilgang til bil for menneske som av ulike grunnar ikkje har eigen bil  
  • Kan bidra til mindre ulikheit, som t.d. manglande tilgang på bil av økonomiske grunnar.  
  • Kan bidra til mindre ulikheit som støttar t.d Røde Kors sitt HABIL-prosjekt: frivillige er ledsagarar på øvelsekøyring for elevar som skal ta sertifikat. 

Gjennomføring

I Fase 1 som startar i mars blir bilfordelinga slik:

  • 10 bilar i Ålesund sentrum (Kremmergaarden og Torghallen)
  • 5 bilar i Vågaveien
  • 5 bilar på Moa (ved symjehallen)
  • 2 bilar i Brattvåg

Alle bilane er el-bilar.

Etter kvart vil også el-syklar bli med i ordninga.

Det vil koste under 100 kroner i timen for leige av bilane, varebil er noko dyrare. Ønsker nokon å leige bilen ei helg, er prisen rundt 450 kroner for heile helga.

Partnarar: Ålesund kommune, Ålesund parkering, TAFJORD, Sparebanken Møre

Aktuelle berekraftsmål

9 – Innovasjon og infrastruktur

11 – Berekraftige byar og samfunn

13 – Stoppe klimaendringane

KPI-analysen indikerer

Ålesund kommune er med i FN-programmet United for smart sustainable cities(U4SSC). Ålesund er målt på ei rekke indikatorar (Key performance indicators, KPI), som skal vere ei hjelp i arbeidet med å bli en smart og berekraftig by.

Dagens situasjon

  • 350 kommunale kjøretøy
  • Meir enn halvparten av bilane er ikkje i bruk kvar dag – 44 % av bilane er i bruk kvar dag i løpet av eitt år (helg og kvardag berekna).
  • Ca. 50 tonn utslepp av CO2 per år – minste estimat.
  • Drift: 11,5 mill. kroner per år i leasing/drivstoff/service (berre gamle Ålesund).
  • Parkering: 2, 2 mill. kroner per år (gamle Ålesund).
  • Bil- og køyregodtgjersle: 6,8 mill. per år
  • Totalt 20,8 millionar kroner.

KPI-analysen

  • Del av daglege reiser som foregår med bil: 71 % (raud, lågast skåre)
    KPI_transport.png
  • Talet på bildelingsbilar per innbyggar (raud, lågast skåre)
  • Del av bilparken som er lågutsleppsbilar: 3,91 % (raud, lågast score)
  • Luftkvalitet (lite grunnlag, men dei målingane som er gjort, gir full skåre)
  • Klimagassutslepp