Regjeringa har bevilga 13,8 millioner kroner over stats-budsjettet til oppstart i tre område langs kysten:

  • Kvænangen og Skjervøy i Troms og Finnmark
  • Stavanger i Rogaland
  • Ålesund og Giske i Møre og Romsdal

Marine grunnkart skal gi oss ein heilt annan kunnskap om livet og forhold under vatn enn vi har no - slik som kva type fjell og grunn er der, kva naturtype og landformer er det under vatn, straumar, om det går an å grave, korleis står det til med miljøet og kor eigna  biologien og geologien for eventuelt havbruk. Kunnskapen skal bidra til at vi brukar og forvaltar ressursane i havet på ein meir kunnskapsbasert og berekraftig måte og kanskje også med eit lågare konfliktnivå og mindre ressursbruk.

Kartverkets brosjyre om prosjektet Marine grunnkart
Heimesida til prosjektet Marine grunnkart i kystsonen

Partnarar:
Kartverket, Norges geologiske undersøkelser (NGU), Havforskningsinstituttet (HI), Ålesund kommune

Framtidslaben skal saman med partnarane arbeide fram ein EU-søknad for å kunne bygge vidare på dei marine grunnkarta og prosjektet Smart plan for å lage ein digital tvilling av sjøområda som skal brukast for å lage ein kystsoneplan.

Aktuelle berekraftsmål

14 – Livet i havet

KPI-analysen indikerer

Livet under vatn er ein av nøkkelindikatorane for Ålesundregionen. Å ha ein god oversikt over livet under vatn, er ein føresetnad for å kunne nytte ressursane i havet på ein berekraftig og smart måte.