Ålesund og Kristiansund kommunar måler klimafottavtrykket av kommunale innkjøp med ny metode. Målet er at kommunar skal bli betre til å gjere grøne innkjøp.

Det offentlege kjøper inn varer og tenester for omlag 500 milliarder kroner årleg og klima- og miljøbelastninga frå slike innkjøp er på rundt 14 % av Noregs totale klimafotavtrykk (tal frå Miljødirektoratet).

Kjøp av varer og tenester og å inngå bygge- og anleggskontraktar er ein nødvendig og viktig del av tenesteproduksjonen til kommunen. Samla kjøpte kommunane som er blitt Ålesund kommune, varer og tenester for 1,85 milliardar kroner i 2018 eks.mva. Av dette utgjer rundt 0,46 milliardar investeringar innan bygg og anlegg. Kristiansund gjorde innkjøp for 1,1 milliardar inkl. mva.

Ved hjelp av verktøyet Klimakost og i samarbeid med Asplan Viak, har dei to kommunane laga ein analyse som viser kor store klimafotavtrykk innkjøpa deira utgjer.  Denne analysen skal også hjelpe fleire kommunar i innkjøpssamarbeidet å sjå på kva innkjøp som er viktige å ta tak i og kvar det er viktig å sette miljøkrav til leverandørar.  

Klima- og miljøkrav i offentlege innkjøp er -  ifølge Miljødirektoratet, spesielt relevante i bygg og anlegg, transport, avfall, vatn og avløp.

Analysen er gjennomført med støtte frå prosjektet Byen som regional motor i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune og Klimasats. Konserninnkjøp i Ålesund kommune gjennomfører innkjøp for alle kommunane på Sunnmøre og for Vestnes kommune. For desse kommunane, er analysen ein del av eit anna toårig prosjekt som Ålesund kommune leiar.

Partnarar:

Ålesund kommune

Asplan Viak

Aktuelle berekraftsmål

12 – Ansvarleg forbruk og produksjon

11 – Berekraftige byar og samfunn

 8 – Anstendig arbeid og økonomisk vekst

 

KPI-analysen indikerer

Gitt dei store innkjøpa frå det offentlege og kva klimafotavtrykkdei set, vil ei bevisstgjering rundt innkjøpa vere eit bidrag til å nå FNs berekraftsmål.