Prosjektet vil utvikle ein digital tvilling av Ålesund kommune, der det er mogleg å få visualisert ulike løysingar ved til dømes samfunnsplanlegging. Dette kan gjere det mogleg å sjå samfunnsplanlegging i eit større perspektiv og skape større forståing blant involverte og innbyggarar for moglegheitene ved dei ulike løysingane. Ved bruk av eit slikt digitalt verktøy får dei som bestemmer sjå korleis ulike løysingar blir utan å teikne eller eventuelt bygge.

Prosjektet har eiga nettside med oppdatert informasjon: Smartplanlegging.com

Kort om prosjektet

Det digitale verktøyet som skal utviklast og testast i dette prosjektet, har potensial til å hente ut verdiar i form av:

  • Betre grunnlag for avgjerder: Det er ikkje lett å vite kva som er rett når samfunnet skal planleggast. Gjennom SMART PLAN får dei som skal bestemme databasar dei kan hente fakta frå, datamodellar og andre modellar som kan støtte dei når dei skal ta avgjerder. Berekraft skal vere grunnleggande for avgjerdene.
  • Økt effektivitet og reduserte kostnadar i planprosessar: Når samfunnet skal planleggast, brukar vi i dag store ressursar på innsamling og bearbeiding av data. Samtidig tar det å lage ein plan lang tid og det er ikkje alltid like lett å forstå kva som er tanken bak orda og fagutrykka. Om dei som arbeider med planane kan vise innbyggarane kva dei tenker i ein interaktiv digital tvilling, kan det gjere at vi som innbyggarar synes det er lettare å kome med innspel og også forstår betre kva som er tenkt. Då er vi som innbyggarar tidlegare inne og eventuelle konfliktar kan bli løst. 
  • Økt demokrati og tillit i samfunnet: Tidleg og god involvering sikrar tillit mellom dei som bestemmer og oss innbyggarar, og gjer at vi får bidra med det vi veit og kan. Samfunnet går i eit raskare tempo enn før og  krev arenaer for involvering og samarbeid mellom innbyggarar, det offentlege, akademia og næringslivet.

Eit meir dynamisk og interaktivt planleggingsverktøy vil gjere det lettare å ta avgjerder raskare og gjere samarbeid enklare.

SMART PLAN vil bruke prosessen til areal- og transportplanen (PAKT) for Ålesund, Sula og Giske som arena for datainnsamling og pilotering (utprøving) av verktøyet. På denne måten følger forskningsprosjektet gangen i den kommunale planprosessen, noko som gjer det mogleg både å teste ut og gjere tilpassingar av verktøyet etter prøve og feilemetoden.

Partnarar:

Ålesund kommune (prosjektleiar), Møre og Romsdal fylkeskommune, NTNU, Høgskulen i Volda og selskapet Offshore Simulator Center/AugmentCity.

Norges forskningsråd har gitt 7 millionar kroner til prosjektet.   

Aktuelle berekraftsmål

9 – Innovasjon og infrastruktur

11- Berekraftige byar og samfunn

17 – Samarbeid for å nå måla.

KPI-analysen indikerer

KPI-analysen fortel at Ålesund, Sula og Giske brukar lite pengar på forsking og utvikling, noko dette prosjektet kan hjelpe til å betre på.

SMART_PLAN_foto_HEGGSTAD.jpg


Fra venstre Bjørn Gunnar Tafjord, seniorrådgiver FoU og ekstern virksomhet ved Høgskulen i Volda, Dina Margrethe Aspen, førsteamanuensis ved institutt for internasjonal forretningsdrift ved NTNU, Anne-Lise Sagen Major, framtidsnavigatør i Ålesund kommune, Arthur Almestad regionansvarlig  for Norges forskningsråd i Møre og Romsdal og Pierre Major, Head of Research OSC/AugmentCity.

Foto: Øyvind J. Heggstad, Ålesund kommune