Publisert 17.Dec 2020

 Det står i Circularity Gap Report Norway at sirkulariteten på verdensbasis er målt til 8,6%, med Nederland på 24,5% og Norge på 2,4%. Vi har mykje å gå på i Norge, og det ligg mange moglegheiter i sirkulærøkonomi.

Det har vore eit ønske fra medlemmar og partnarar i både Framtidslaben og NExTdigital om å lære saman og omsette ord til handling. Arbeidsgruppene skal resultere i auka kunnskap om relevante tema innan digitalisering og sirkulærøkonomi. Noko av gruppene vil jobbe med ganske smale tema, og andre vil gi meir gnerell kompetanseheving. 

Framtidslaben og NExTdigital har initiert felles arbeidsgrupper med berekraft som tema. Vi starter opp i 2021 og temaet er meir spesifikt “sirkulærøkonomi”. Oppstart er planlagt februar 2021, og innspel fra de som partnarar og medlemmar blir grunnlaget for tema og sammensetning av arbeidsgruppene; så meld deg på og del dine forslag til tema å jobbe med innan bærekraft og sirkulærøkonomi!

Tema som har vore foreslått:

  • Klimabudsjett og klimareknskap
  • Gjenbruk
  • Vatn og avløp
  • Miljøleiing
  • Cradle-to-cradle

Påmelding: Ta kontakt med koordinator i Framtidslaben, Kristine Oda W. Sæther: krisae@alesund.kommune.no, 98423060. 

Påmeldingsfrist: 15. januar