Publisert 13.Nov 2020

Gjennom prosjektet Jakta på berekraftsmetoden - frå KPI-analyse til forretningsmoglegheiter, skal deltakarane finne løysingar på lokale berekraftsutfordringar, til det beste for både næringslivet og samfunnet. Berekraftsutfordringane Møre og Romsdal fylkeskommune og samarbeidspartnarar ønsker å løyse gjennom prosjektet, er basert på KPI-målingane som er gjennomført av FNs organisasjon for smarte og berekraftige byar; United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC). Målingane er gjennomført i mange norske byar, blant dem Ålesund, Molde og Kristiansund.

Endringar

Pilotprosjektet skulle opprinnelig vere over to dagar i Ålesund, men på grunn av smittesituasjonen og restriksjonane knytt til den, er berekraftsverstaden gjort digital. Det vil vere krevjande å sitje to dagar å kommunisere via skjerm difor har vi delt dei opprinnelege to dagane inn i fire kortare samlingar på 3 timar per samling.

Ved å melde deg på prosjektet, forpliktar du deg til å delta på alle samlingene. Det er fordi samlingane heng saman og det vil gje mindre verdi å berre vere med på enkelte av dei.


Påmelding Her

Deltakaravgift: Gratis

Datoar:

  • Onsdag 25. november kl. 09.00 - 12.00:
    • Introduksjone til metodikk og innsikt i utfordringar
  • Torsdag 26. november kl. 09.00 - 12.00:
    • Identifisering av rotårsakar og presentasjon av andre prosjekt for inspirasjon.
  • Torsdag 3. desember kl. 12.00 - 15.00:
    • Identifisering av moglege løysingar
  • Torsdag 10. desember kl 09.00 - 12.00:
    • Presentasjon av moglege løysingar
  • Det vil også bli gjennomført ei digital samling i mindre grupper mellom 3. - 10. desember kor det bli utarbeidd ein presentasjon til samlinga 10. desember.

Arrangørar

Det er OiER  i samarbeid med KPMG Pure Sustainability og UN Global Compact Norge, som har starta arbeidet med å utvikle eit program og ein metodikk spesielt retta mot samarbeid mellom offentleg sektor og privat næringsliv. Programmet skal også tilrettelegge for lokalt engasjement. Det er Sparebanken Møre som gjer programmet mogleg, gjennom å bevilge 1,7 millionar kroner til prosjektet.

Møre og Romsdal fylkeskommune blir nasjonal pilot saman med offentlege verksemder og privat næringsliv i fylket. Ålesund framtidslab – U4SSC ip blir testarena for utvikling av den nye metodikken.

Prosjektet har fått namnet Jakta på bærekraftsmetoden - fra KPI-analyse til forretningsmuligheter.

Målet er at næringslivet i regionen skal kunne jobbe med berekraftig utvikling på ein god og effektiv måte. 

Små og mellomstore bedrifter har begrensa ressursar til å manøvrere i dette landskapet. Gjennom dette prosjektet vil bedrifter få kunnskap og innsikt som vil gjere at dei kan ta gode avgjerder som bidrar til både lønnsemd og utvikling.

Prosjektet vil ta utgangspunkt i tre tema:   

Mål 6.jpg

Vatnbruk – U4SSCs analyse viser eit generelt høgt vatnbruk og at mykje vatn forsvinn mellom reinseanlegg og forbrukar. Dette er knytta opp mot berekraftsmål 6.

Mål 12.jpg


 Avfallshandtering – ein stor del av avfallet vårt går til forbrenning. Korleis kan vi redusere, gjenbruke og utnytte avfallet vårt på ein betre måte? Dette er knytta opp mot berekraftsmål 12.                                                                                                      

Mål 5.jpg

Inntektsgap – for omlag kvar krone ein mann i fylket tener, vil ei kvinne tene ein stad mellom 60 og 70 øre. Gapet i inntekt mellom kvinner og menn handlar ikkje berre om likestilling, men om økonomi; bedrifter som har mangfald bland dei tilsette, tener på dette og ikkje minst er konkurransekraft avhengig av få få fleire i arbeid. 

Mål 8.jpg

Dette er knytta opp mot berekraftsmål 5 og 8.



Desse områda representerer utfordringar der prosjektet trur det finst forretningsmoglegheiter gjennom innovativ samhandling mellom næringsliv og offentleg sektor.

Fylket inviterer bedrifter, representantar frå fylket, kommunane med politikarar - og andre relevante aktørar til å delta i dette spennande pilotprosjektet.

Digital berekraftsverkstad


Innovasjonsarbeidet i dette pilotprosjektet skal foregå i to dimensjonar:

  1. Produkt- og tjenesteinnovasjon, og
  2. Prosessinnovasjon, dvs. nye samarbeidsformer og/eller behov for regulatoriske og/eller systemiske/strukturelle endringar.

Felles for begge dimensjonane, er at formålet er å skape forretningsmoglegheiter, anten på kort eller lengre sikt.

Det er graits å delta i prosjektet, For dei av dykk som kjem frå ulike bedrifter, er det viktig at deltakinga er forankra i bedrifta. Vidare må den som skal delta på vegne av bedrifta, ha eit tilstrekkeleg mandat til å delta.

Sist, men ikke minst, må alle som skal delta ha eit oppriktig ønske om å bidra til at vi når FNs berekraftsmål gjennom innovasjon og utradisjonell samhandling og samarbeid.

Før Bærekraftverkstedet, vil deltakarane få ei grundig innføring i dei aktuelle utfordringane. Det blir kravd sjølvstudiar i forkant.

Samarbeid er nøkkelen

Mål 17.jpg

Deltakarane skal arbeide i løysingsteam som skal finne moglege løysingar på dei forskjellige problemstillingane. Når Bærekraftverkstedet er ferdig, vil løysningsteamene arbeide vidare med eit utval av ideane. I denne perioden er målet med arbeidet å lage prototypar/løysingar, få testa ut ideane på ein god måte og deretter fortsette arbeidet med vidareutvikling, skalering og implementering.

FNs berekraftsmål 17: Samarbeid for å nå måla – utfordrer tradisjonelle måtar å arbeide på, regulatoriske rammer og samhandling mellom styresmakter, næringsliv og sivilsamfunn. Ikke minst blir også samarbeid bedrifter seg imellom utfordra.

Prosjektet har ikkje nødvendigvis svaret på alt som kan møte oss i pilotprosjektet, men vi trur likevel vi i fellesskap og med berekraftsmål 17 som bakteppe, vil klare å finne gode løysningar på spørsmål som kan oppstå, for eksempel knytta til patent og rettigheiter, og andre spørsmål som måtte oppstå som følge av risikoen og usikkerheita som oppstår i innovasjonsprosessar.


Velkomen inn i prosjektet!

KPMG-logoar_prosjektgruppe.JPG