Publisert 16.Nov 2020

Målet er å redusere vekst i trafikken i dei undersjøiske tunnelane mellom Giske og Ålesund, betre kollektivtilbod og auke delen trafikantar som bruker sykkel til og frå bussen gjennom tilrettelagte løysingar for publikum. Prosjektet skal óg bidra til tettstadsutvikling og auka attraktivitet for Ytterlandområdet.

Mobilitetspunktet på Ytterland skal ha mellom 350 – 450 parkeringsplassar, og 150 – 200 parkeringsplassar for sykkel – alle under tak. Det er planlagt direkte tilgang til trafikkterminalen frå sykkel- og pendlarparkeringa.

-    Vi har inngått dette samarbeidet for å skape ei effektiv løysing som bidrar til miljø og berekraft lokalt, ein enklare arbeidskvardag, tryggare vegar og utvikling av lokalsamfunnet, seier Albert Aarøe som er prosjektleiar for  H.I Giørtz Sønner AS.

Vidare fortel han at betaling for parkering og bussbillett på bussen blir saumlaust og automatisk for brukarane. Selskapet har inngått eit samarbeid med Parkly AS om å utvikle innovative løysingar på dette området.
Kommunane Ålesund og Giske har vore med i prosessen:

-    Innsatsen og deltakinga til både Giske og Ålesund har vore fantastisk, slår Aarøe fast.

-    Det same er samarbeidet med Framtidslaben. Dei er verkeleg engasjerte og ønsker at planane blir realiserte som ein del av satsinga i regionen – og ikkje minst som eit konkret og realiserbart prosjekt som viser resultat.

I tillegg til kommunane Giske og Ålesund, er Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen partnarar. Dei to sistnemnde gjennom samarbeidet PAKT som er den felles areal-, klima- og transportplanen for Ålesund, Sula og Giske.

-    Statens vegvesen er særleg viktig i arbeidet for å betre tryggleiken, trafikkutviklinga og ikkje minst legge til rette for bruk av offentleg kommunikasjon i ein mykje større skala enn tidlegare, seier Aarøe.

Alle partnarar i prosjektet er partnarar i United Future Lab Norway (Framtidslaben Norge). Framtidslaben vil være arena og fasilitator i prosjektet og fleire aktørar vil bli inviterte inn som samarbeidspartnarar. Håpet er at dette prosjektet kan bli ein mal for vidare satsing i nærområdet.

Per i dag er det nesten 4 000 personar som arbeidspendlar fast kvar dag gjennom tunnelane. I tillegg kjem studentar, handlande og flypassasjerar. For å gje eit lite bilete på trafikken, var det 12 500 bilar gjennom tunnelen ein dag i august i år – i ein periode der trafikken til og frå lufthamna var liten på grunn av Covid-19. Det er eit mål for prosjektet at trafikken med privatbil gjennom tunnelane blir redusert

-    Vi planlegg eit mobilitetspunkt der samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune er svært viktig. Offentleg kommunikasjon må utviklast og planen er at parkering og billett til kollektivtransport er i same system, slik vil løysinga vere lettvint for brukarane, seier Aarøe.

Ordførar i Giske, Harry Valderhaug er positiv til planane som kan bidra til  eit styrka kollektivtilbod både i Giske og Ålesund:

-    Kommunen eig eit større trafikkareal og har eit samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og byggeigar om drift av dagens terminal på Ytterland. Skal vi få til noko som endrar vanane våre til meir bruk av kollektiv transport, må vi samle oss. No har vi ein unik sjanse dersom Statens vegvesen og fylkeskommunen tar sin plass «i bussen» og køyrer ilag med kommunane i Ålesundregionen og andre aktørar.

-    Dette viser også kor viktig plansamarbeidet mellom Ålesund, Sula, Giske, Møre og Romsdal fylkeskommune er – saman med samarbeidet i Framtidslaben, for å få ein heilskapleg areal-, klima- og transportplan (PAKT) for Ålesundregionen, seier ordføraren.

Innfartsparkering er eit område det blir satsa på både nasjonalt og internasjonalt, men lokalt har det vore få konkrete prosjekt.

Ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal ser fram til å få på plass mobilitetspunktet på Ytterland:

-     Det er svært positivt at lokale bedrifter ønsker å delta i arbeidet for å nå FNs berekraftsmål -  og som ein del av det, også bidra til eit betre miljø. Det å redusere trafikken gjennom dei undersjøiske tunnelane vil lette parkeringsforholda i Ålesund sentrum og vidare utover i kommunen.

Aarøe ønsker at ein intensjonsavtale mellom kommunane, fylkeskommunen, Statens vegvesen og H. I. Giørtz Sønner AS skal være på plass i god tid før jul.