United Future Lab Norway er eit nettverk av partnarar frå privat næringsliv, akademia, organisasjonar og  offentlege.

Framtidslaben si oppgåve er å legge til rette for at partnarane skal samarbeide om å realisere konkrete prosjekt. I Framtidslaben deler partnarane kunnskap, kompetanse og erfaring slik at dei kan finne felles løysingar på eigne utfordringar.

Utgangspunktet for arbeidet i og rundt Framtidslaben, er FNs analyser av kor berekraftige og smarte samfunn er. Målet er å bidra til å nå FNs berekraftsmål innan 2030.

Framtidslaben er ein del av FNs program for smarte og berekraftige byar – United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC - ip).

Framtidslabens kjerne er prosjekt. Bruk av teknologi og simuleringsverktøy er viktig for prosjekta knytt til laben.
Framtidslaben jobbar tett med AugmentCity/Offshore Simulator Center (OSC) som har utvikla digitale tvillingar av fleire kommunar. Vi jobbar for å stimulere til at teknologi og simuleringsverktøy blir tatt i bruk der det er mogleg i prosjekta, og at dei som ønsker det, skal ha tilgang til slike verktøy.

Framtidslaben er plassert på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK), rett utanfor Ålesund sentrum – i hjartet av kompetanseklynga på Sunnmøre. NMK er ein del av Campus Ålesund, Noregs mest næringsnære campus og knutepunktet i regionen for utdanning, forsking og næringsutvikling.

Målsetting og strategiar

Framtidslabens hovudmål er stimulere til handling gjennom prosjekt:

mål 17- bokmål.png

Gjennom prosjekt mellom partnarar skal Framtidslaben sørge for smart og berekraftig by-, samfunns- og næringsutvikling.

Prosjekta skal bidra til å nå FNs berekraftsmål innan 2030 samtidig som dei skapar verdiar og moglegheiter for dei involverte partnarane.

For å nå hovudmålet skal framtidslaben jobbe aktivt med desse strategiane:

PARTNARSKAP
Framtidslaben er bygd opp av partnarar frå det offentlege, næringsliv, akademia, det sivile samfunnet. Partnarane skal samarbeide på tvers i prosjekt som skal bidra til å nå FNs berekraftsmål, basert på resultata   av   FNs KPI-analyser.

PROSJEKTFASILITERING
Framtidslaben skal legge til rette for at partnarar kan dele kunnskap, kompetanse og erfaring gjennom handlingsorienterte prosjekt.

MØTEPLASSAR
Framtidslaben skal vere den føretrekte møteplassen for å stimulere til - og gjennomføre, prosjekt med fokus på smart og berekraftig by-, samfunns- og næringsutvikling. The North West er ein viktig arena der United Future Lab Norwaymbygger relasjonar, deler erfaringar, hever kunnskapen og utfordrar etablerte sanningar.

RESSURSSENTER
Framtidslaben og partnarar skal vere eit ressurssenter for smart og berekraftig utvikling lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.

Historia bak Framtidslaben

I prosessen der fem kommunar blei til Ålesund kommune 1. januar 2020, var det eit klart politisk initiativ  at  Ålesund kommune skal vere leiiande innan teknologi og innovasjon. I intensjonsavtalen mellom dei fem kommunane står det at den nye kommunen skal ha ei tydeleg satsing på offentleg innovasjon og utvikling:

Det skal etablerast ei avdeling/fagmiljø for dette i tilknyting til kunnskapsmiljøet på Norsk Maritimt kompetansesenter (NMK) og NTNU. Avdelinga skal arbeide med å utvikle innovasjonskultur i heile den nye kommunen. Dette omfattar mellom anna å etablere ein kultur for samhandling mellom tenesteområde, mellom politikk og administrasjon, mellom kommune og næringsliv, og mellom kommune og frivillige. Avdelinga skal ta mål av seg til å vere eit nasjonalt ressurssenter for innovasjon i offentleg sektor.

I tillegg hadde Kari Aina Eik, generalsekretær i OiER og leiar og initiativtaker til FN-programmet for smarte og berekraftige byar (U4SSC) ei nøkkelrolle etableringa av United Future Lab Norway.

I mai 2019 var ho i fødebyen Ålesund og snakka med tilsette i kommunen og ved Offshore Simulator Center (OSC). OSC er leiande i sitt felt på simulering for offshore- og skipsindustrien. I møtet med OSC, blei ideen sådd om at liknande simuleringar kan gjerast for byar i deira forsøk på å bli meir smarte og berekraftige.

Desse møta førte til at Ålesund kommune blei den første norske kommunen som blei med i U4SSC-nettverket, saman med nabokommunane Sula og Giske -  også kalla Ålesundregionen. I samband med at kommunane blei med, blei det gjennomført ei kartlegging/analyse av kor smart og berekraftig regionen er. Ålesund kommune blei utfordra av U4SSC til å etablere ein lab og tok utfordringa: Ålesund kommune etablerte United Future Lab Norway saman med partnarar frå privat næringsliv, akademia og andre aktørar i offentleg sektor.

7. november 2019 blei Framtidslaben opna med over 300 besøkande og den var offisielt i drift frå 1. januar 2020.

Ein viktig faktor som skil Framtidslaben frå andre, er forskings- og utviklingsavtalen med OSC for å arbeide med utvikling av digitale tvillingar. Ålesund kommune var den første kommunen i verda som fekk laga ein digital tvilling ved hjelp av OSC og dotterselskapet Augment City.