Hopp til hovedinnhold

FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonar sine mogelegheiter til å få dekt sine. Berekraftsmåla reflekterer dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling: Klima og miljø, økonomi og sosiale forhold.

Bakgrunnen for United Future Lab Norway

Skal vi nå berekraftsmåla, krev det at vi ser utfordringane i samanheng. Vi må og finne nye samhandlingsarenaer for å finne heilskaplege løysingar på tvers av sektorar og aktørar. Verda har blitt mindre. Det fins ikkje lenger mine eller dine problem. Det fins berre våre problem, og vi treng oftare enn før å sitte rundt same bord. Fleire aktørar og fleire perspektiv må løftast inn i utviklingsprosessane innan offentleg, frivillig og privat sektor, blant innbyggarane og i forsking.

Ålesund kommune er medlem i nettverket U4SSC (United for Smart Sustainable Cities) . Dette er verdas største smartby-nettverk. I samarbeid med FN-nettverket har Ålesund kommune etablert United Future Lab Norway - Framtidslaben i dagleg tale, ved Campus Ålesund, NMK. 

Framtidslaben er den andre laben i verda som som har dette samarbeidet med FN. Den første laben held til i Wien.

Laben skal bidra til å nå våre felles mål på smartare måtar. FN (UNECE) sin definisjon av ein smart by er:

A smart sustainable city is an innovative city that uses ICTs and other means to improve
quality of life, efficiency of urban operation and services, and competitiveness, while
ensuring that it meets the needs of present and future generations with respect to
economic, social, environmental as well as cultural aspects.

Framtidslaben - framtidas organisasjonsform

Laben er oppretta og driven av Ålesund kommune og blir utvikla i samarbeid med partnarane. I partnarskapen stiller Ålesund kommune på lik linje med dei andre partnarane.

Med bakgrunn i den teknologiske utviklinga og den digitale verda, etablerte Ålesund gjennom Framtidslaben ein type organisasjon som kan samanliknast med eit økosystem. Vi etablerte eit opent nettverk av partnarar som samarbeider for å levere på stadig høgare krav, og på leveransar som er berekraftige. Dette gjer vi fordi vi erkjenner at våre tidlegare organisatoriske grenser ikkje lenger strekk til dersom vi skal utvikle oss, og dersom vi skal løyse komplekse utfordringar. Vi har trua på at løysingane fins på tvers av den tradisjonelle organisasjonen, og at morgondagens løysingar ikkje blir skapte i siloar. Suksessfaktoren framover ligg i evna til å samarbeide med andre. Det fins mange gode eksempel på denne organiseringa rundt omkring, både lokalt, i regionen, i Noreg og i verda. United Future Lab Norway skal aktivt søke samarbeid og deling med andre labar for stadig å vere i utvikling.

United Future Lab Norway skal

Få fart på berekraftig utvikling gjennom å:
• Vere ein møte-, lærings- og utviklingsarena som fremmar partanes felles mål om å
   bidra til at verda når berekraftsmåla (Arena 17 - Samarbeid for å nå måla).
• Bidra til utvikling av smarte berekraftige løysingar som kan delast mellom byar i heile
  verda.
• Vere eit utstillingsvindu for nettverksbyane i verda, og for andre interessentar. Dette
   inneber at partnarane er opne for å dele sine prosjekt når dei er ferdig utarbeidd.
• Demokratisere berekraftsarbeidet gjennom å involvere innbyggarane i arbeidet med å
   utvikle smarte og berekraftige løysingar, og gjennom å nytte visualiserings- og
   simuleringsteknologi for å lettare forstå kompleks informasjon.
• Ta utgangspunkt i berekraftsmålingar og stimulere til prosjekt betrar tilstanden.

Kvifor vil United Future Lab Norway få fart på berekraftig utvikling?

Laben vil bli eit utstillingsvindauge for verdas største smartby-nettverk. Kontaktnettet i laben vil vere stort og partnarar vil bli sett i kontakt med kvarandre gjennom deltaking i aktivitetane i laben. Gjennom faste møte med U4SSC, vil det bli orientert om pågåande prosjekt lokalt og globalt. Det å teste lokalt og dele globalt vil bli sett i system, og systemet vil bidra til spreiing av kunnskap og idear som til saman kan utgjere ein forskjel i arbeidet mot berekraftsmåla. Gjennom bevisst kommunikasjon om prosjekt og resultat, skal vi synleggjere satsinga og slik gjere innbyggarane og bedriftene bevisste på det som skjer. Samtidig skal vi trekke til oss aktørar som ønsker å vere med i prosessen. Vidare skal innbyggarar involverast på gode måtar slik at prosjekt har nytteverdi for alle interessentar. Ålesundsregionen har eit verdsleiande næringsliv med ein kompetanse, kapasitet og teknologisk infrastruktur som har stor overføringsverdi til smart og berekraftig samfunnsutvikling. Suksessfaktoren i arbeidet med å utvikle Framtidslaben, er å skape ein kultur for læring, deling og samhandling på tvers. Dette er det allereie ein etablert infrastruktur og kultur for ved Campus Ålesund. Dette gir United Future Lab Norway gode vilkår.

Partnarane i Framtidslaben - Kven er vi?

• Vi ønsker å bidra til utvikling av eit berekraftig samfunn
• Vi har berekraft, samarbeid og teknologi implementert i vår strategi
• Vi har tru på auka samarbeid mellom samfunnsaktørane, og at dette er avgjerande for
   å nå måla
• Vi har tru på at auka samarbeid vil gi nye forretningsmoglegheiter
• Vi er ein kombinasjon av næringsliv, det offentlege og akademia som har som mål å
   involvere og engasjere innbyggarane heile vegen
• Vi ønsker å gjere vårt for å påvirke eigen organisasjon og samarbeidspartnarar til å
   bidra til eit berekraftig nærmiljø
• Vi er ambassadørar for berekraftig utvikling gjennom å påverke eigen organisasjon og
  samarbeidspartar til å bidra til å nå berekraftsmåla.

Digital etikk

Ei berekraftig smartbyutvikling føreset at vi bruker teknologien og metodane som utviklast, til samfunnets beste. I mange tilfelle vil smarte løysingar innebere kunnskap om innbyggarane som må forvaltast på ein god måte. Når smarte løysingar blir tatt i bruk, må vi òg gjere det på ein måte som støttar opp under eit robust samfunn.
Partane i United Future Lab Norway forpliktar seg til å legge til grunn samfunnsetiske omsyn i arbeidet med smarte løysingar både når det gjeld utvikling og korleis dei blir tatt i bruk nasjonalt og internasjonalt. Vidare skal partane delta i arbeidet på laben knytt til digital etikk.

Faste aktivitetar og satsingar i Framtidslaben

• Faste målingar av berekraft i regi av laben
• Innhenting og formidling av innbyggarkunnskap
• Utvikle felles strategi og tiltak med bakgrunn i målingane og innbyggarkunnskap
• Bruke visualisering og simulering som verktøy for å utvikle nye former for formidling
av kunnskap, forbetring av grunnlaget for avgjersler mog innbyggarinvolvering.
• Sette ned arbeidsgrupper knytt til strategiske satsingsområde
• Faste møter med FN-nettverket
• Arena for tverrgående prosjekt (mellom kommune og næringsliv, mellom avdelingar i
kommunen)
• Faste møte med politikarar og partnarar
• Faste aktivitetar i året med alle medlemmer i laben for å bygge eigarskap.
• Involveringsmøte mellom partnarar og innbyggarar (referansegrupper for
arbeidsgruppene)
• Kompetanseprogram, berekraftsworkshop
• Webinar
• Podcaster
• Møte med fokus på dei forskjellige berekraftsmåla
• Aktivitetar som gjer Ålesund Framtidslab - U4SSCip til eit «opplysningskontor» for
berekraft

Dette får du som partnar i Framtidslaben

  • Kunnskap og evne til å jobbe strategisk og aktivt for berekraft
  • Tilgang til potenseille kundar og samarbeidspartnarar i nye sektorar
  • Styrka nettverk og auka kjennskap iblant partnarar og andre
  • Tilgang til deltaking i relevante prosjekt
  • Ny kunnskap og nye idear for utvikling av eigen forretning
  • Nye moglegheiter til auka verdiskaping i eigen organisasjon

Drift

Ålesund kommune har ansvaret for drift og organisering av Framtidslaben.
Dette inneber:

• Lokalitetar
• Stillingsressursar til fasilitering av aktivitetar ved laben
• Tilrettelegging for tilgang til opne data
• Tilrettelegging for deling av data
• Digital samarbeidsplattform