Hopp til hovedinnhold

Augment City er eit dotterselskap av Offshore Simulator Centre AS (OSC) som er verdsleiiande i utvikling av komplekse visualiserings- og simuleringsløysingar  for krevjande maritime operasjonar.

OSC har dei siste 15 åra arbeidd med dei største olje- og gasselskapa verda over for å løyse komplekse operasjonar og bidra til å forstå korleis menneske og datamaskinar samarbeider for å auke innovasjon, hastigheit og redusere kostanadar.

KPI-analysen og digital tvilling

Augment City har utvikla digitale grafiske tvillingar av byar som gjer det enklare å forstå store datamengder, og å behandle og forbetre landskapsdata for å lage ein digital by.  Dei digitale tvillingane blir for første gang brukte for å visualisere nøkkelindikatorane (KPI-ane) som FN bruker for å måle kor smarte og berekraftig byar og samfunn er, sett opp mot FNs berekraftsmål. Informasjonen kan også brukast til å samanlikne byar som har gjort desse målingane, men også til å dele inn i bydelar og slik gjere det mogleg å forstå forskjellar, finne trendar og sjå nye moglegheiter for komplekse problem.

Augment City har inngått ein avtale med Ålesund kommune om å utføre forskings- og utviklingsoppdrag. Sentralt i oppdraget står bruk av verktøyet for simulering og visualisering innan ulike oppgåver som gjeld samfunnsplanlegging og kunne sjå oppgåvene og forskjellige data i samanheng. 

Framtidslaben er ein viktig partnar i å kommunisere bruken av visualisering og simulering gjennom dei digitale tvillingane og er ein areba for å demonstrere verktøyet og finne nye bruksområde.