Dette er banebrytande forsking i eit samarbeid mellom Ålesund kommune og NTNU i Ålesund.

Smart Water inneber datafangst, modellbygging og simulering av alle prosessene frå kjelde, via vassbehandlingsanlegg, vassdistribusjon, avløpsnett og kloakkreinsing.

Variablane bestemmer den fysiske og kjemiske kvaliteten på Brusdalsvatnet og overvakinga sikre enno betre vasskvalitet for innbyggarane. Smart Water er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og NTNU Ålesund, og noko som begge vil dra nytte av.

Sjølve flåten på Brusdalsvatnet  er del av ein simulerings- og visualiseringsplattform Ålesund kommune er i gang med å utvikle for Brusdalsvatnet. Målet er ein digital tvilling for vasskjelda. Dataa som blir samla inn av flåten, kan brukast til å forbetre forskinga knytt til drikkevasskjelda. 

NTNU nyttegjer se målingane og dataa i forsking og undervisning.

Ved å kjenne til endringane i vasskvalitetsparametera frå overflata av Brusdalsvatnet ned til botnen, kan NTNU studere transport av forureining frå overflata til djupare delar av vatnet der råvatnet blir henta ut til vassbehandlingsanlegga. Slik kan ein bli tryggare på kvar dert er lurt å hente dette råvatnet.

Partnarar:

Ålesund kommune og NTNU i Ålesun

Aktuelle berekraftsmål

 6 – Reint vatn og gode sanitærforhald

KPI-analysen indikerer

Regionen har god vasskvalitet, men det er utfordringar rundt spillvatn og at mykje av vatnet går til spille i behandlinga og før det kjem til forbrukar.