Hackathon-omgrepet er ofte forbunde med heildagskoding, men kan også innebere andre typar problemløysingsmetodar. Målet ved eit Hackathon er å kome fram til løysingar på ei problemstilling gjennom 24 timers arbeid. Løysingane kan variere frå fysiske produkt til ein prosjektplan. Dei ulike løysningane blir så presenterte for eit panel som kårer vinnaren.

Eit eksempel på eit Hackathon vi tenker vil vere gøy å gjennomføre er: Vi inviterer studentar frå ulike retningar ved NTNU i Ålesund, der dei skal finne løysingar relatert til KPI-målingane Ålesundregionen har utført i samarbeid med United for Smart Sustainable Cities (U4SSC). Dei får 24 timer til å kome med løysingar relaterte til tendensar vist av KPI-målingane. Når tida er omme, venter eit panel med tre-fire representantar frå partnarbedriftene til Ålesund framtidslab,som saman gir ei vurdering av løysingane som er presenterte.

Eit slikt arrangement kan bidra til å knytte offentleg sektor, næringslivet og akademia tettare saman. I tillegg er det ein fin måte å introdusere og integrere studentane i byen til Ålesund framtidslab og næringslivet. 

Partnarar:

NTNU i Ålesund og Framtidslaben

Aktuelle berekraftsmål 

4 – God utdanning

9 – Innovasjon og infrastruktur

11- Berekraftige byar og samfunn 

17 – Samarbeid for å nå måla

KPI-analysen indikerer

Vi har godt nivå når det gjeld utdanning, men kan bli sterkere når det gjeld å utvikle innovative arbeidsplassar og arbeidsplassar innan forsking og utvikling av til dømes IKT-løysingar.