Det konkrete samarbeidet vil skje innanfor to delavtalar.

Den eine er innan smart helse og velferd og handlar blant anna om oppbygginga av primærhelsetenesta som arena for forsking og nyskaping.  Prosjektet skal utvikle løysingar for å handtere dei store utfordringane innan helse og omsorg i åra som kjem – talet på eldre er aukande, samtidig som det er stor mangel på kvalifisert personale.

Prosjektet skal blant anna utvikle kunnskap som fremmer folkehelse og helseleiing, og sikre kvalitet og relevans i helsefagutdanningane gjennom oppgåver på bachelor-/masterutdanninga som kan vere nyttig for praksisfeltet.

NTNU i Ålesund og Ålesund kommune samarbeider allereie om prosjekt innan klinisk sjukepleie, helsetenesteforsking og velferdsteknologi. Prosjektet er ei vidareutvikling av dette samarbeidet.  

Det andre prosjektet skjer innan smarte og bærekraftige samfunn der NTNU og kommunen allereie har fleire etablerte samarbeidsprosjekt blant anna forsking på område som vatn, digitalisering og smart sirkulær by.

Sjølve hovudavtalen omhandlar samarbeidet generelt.

Partnarar: 

Ålesund kommune og NTNU i Ålesund

Aktuelle berekraftsmål

17 - Samarbeid for å nå måla

11 - Berekraftige byar og samfunn

4 - God utdanning

3 - God helse

KPI-analysen indikerer

For å bli eit smart og berekraftig samfunn er det nødvendig med samarbeid på tvers og innan fleire fagområde. Universitetsavtalen omfattar utvikling av berekraftige samfunnog av smart helse og velferd, basert på berekraft, digitalisering, simulering og nyskaping.