Med bakgrunn i moglegheitsstudie utarbeidd av Sunnmøre regionråd, er kommunane samde om at nytt sonings- og kompetansesenter for Sunnmøre skal ligge på Digerneset. I tillegg til nytt soningssenter, legg reguleringsplanen til rette for kombinerte formål til industri, forretning og kontor.

Det gamle byfengselet av “1864-modell” er ueigna til moderne soning, har for lav kapasitet og ligg midt i bysentrum utan moglegheit for utviding. Ein ny lokasjon er definert på Digerneset, med ferdig reguleringsplan. Det er ei romsleg tomt med moglegheit til å bygge ein framtidsretta soningsinstitusjon. Målet er at denne soningsinstitusjonen skal legge moderne prinsipp til grunn med eit innhaldsrikt rehabiliteringsperspektiv og ei klientorientert, tverrfagleg tilnærming til soningsopphaldet. 
Gjennom dette prosjektet vil prosjektgruppa samle relevante aktørar for å utforske moglegheitene i spennet mellom Kriminalomsorga og Helsevesenet.

Aktuelle berekraftsmål

3 - God helse

4 - God utdanning

10 - Mindre ulikheit