Publisert 14.sep 2021

Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) står for søknaden om Klimasatsmidlar til Miljødirektoratet. 

For å få breitt fokus på klimasatsing og utvide kunnskapsgrunnlaget, kopla Framtidslaben aktørane Mørenett, BKK, TAFJORD, Aco Anlegg, Westregruppen, ÅKE og kommunen saman, og bidrog til at partane såg moglegheitene i prosjektet. 

- Framtidslaben som nøytral arena er perfekt for å få ulike aktørar som kanskje ikkje snakkar saman til vanleg til å møtast og sjå moglegheiter for samarbeid. Gjennom eit konstruktivt samarbeid i nettverket med framoverlente partnarar som har erfaring med slike prosjekt frå før, er dette prosjektet blitt ein realitet. Det er vi svært glade for, seier dagleg leiar i Framtidslaben Marielle Furnes Mannseth.

Pengane som er fått gjennom Klimasats og Miljødirektoratet, skal brukast til å dekke ekstrakostnaden for å leige el-gravemaskiner, ladekontainer og installasjonskostnadar. Det er også knytt nokre kostnadar til innkjøpsavtalen om maskinene og arbeid knytt til deling av erfaring gjennom Framtidslaben. Meirkostnadane for klimatiltaket er rekna til å vere om lag 2, 6 millionar kroner og klimaeffekten er 75,5 tonn CO2. Tilskotet frå Klimasats er på om lag 2 millionar. Miljødirektoratet har løyvd pengane gjennom Klimasatsordinga som skal gje støtte til klimasatsing i kommunane.

- Så vidt eg veit, så er dette det første anleggsprosjektet i regionen, seier dagleg leiar i ÅKE Bjørnar Helland.
- ÅKE kjenner til at fleire entreprenørar støttar opp om slike berekraftige løysingar, og det ser ut som om vi gjennom dette prosjektet kan vere med å bidra til å få i gang utviklinga av ein meir miljø- og klimavenleg bygg- og anleggsbransje her i regionen.

Miljødirektoratet karakteriserer prosjektet som ambisiøst med tanke på utsleppskutt frå byggeplassen og med ein konkret gjennomføringsplan for å oppnå dette. Direktoratet meiner potensialet for klimakutt frå bygge- og anleggsplassar er betydeleg, og at bruk av elektriske anleggsmaskiner vil bidra til auka erfaring og utbreiing av utsleppsfrie løysingar og lågare kostnadar på sikt. Direktoratet viser til at det trekker opp at ÅKE og kommunen har ein plan for å dele erfaringar som kan vere nyttige for andre gjennom Framtidslaben. 

ÅKE har allereie lyst ut konkurransen på Doffin, og tar mål av seg til å prekvalifisere 3 tilbydarar som skal konkurrere vidare om eit byggeoppdrag.