FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonar sine mogelegheiter til å få dekt sine. Berekraftsmåla reflekterer dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling: Klima og miljø, økonomi og sosiale forhold.

Kvifor må vi jobbe på denne måten?

Skal vi nå berekraftsmåla, krev det at vi ser utfordringane i samanheng. Vi må og finne nye samhandlingsarenaer for å finne heilskaplege løysingar på tvers av sektorar og aktørar. Verda har blitt mindre. Det fins ikkje lenger mine eller dine problem. Det fins berre våre problem, og vi treng oftare enn før å sitte rundt same bord. Fleire aktørar og fleire perspektiv må løftast inn i utviklingsprosessane innan offentleg, frivillig og privat sektor, blant innbyggarane og i forsking.

Det er mange samfunnsutfordringar vi ikkje kan løyse kvar for oss. Det krev ofte samarbeid. Nye Framtidslaben skal bidra til at slike samarbeid kjem på plass og fungerer. Både næringsliv, akademia, frivilligheita, innbyggjarar og offentleg sektor kan bruke Framtidslaben som eit verktøy for berekraftig utvikling av regionen, med utgangspunkt i Ålesund. 

Framtidslaben skal drive frem og koordinere framveksten av løysingar kor sosial utvikling, økonomisk utvikling, og ivaretaking av miljø og klima samverker og forsterker kvarander. Ved å legge til rette for likeverdig og tverrfagleg samarbeid, få fram konkrete øysingar og mobilisere krefter i heile samfunnet skal Framtidslaben skape konkrete resultater og inspirere fleire til å bli med og trekke i samme retning.  

Framtidslaben - framtidas organisasjonsform

Framtidslaben er no organisert som ei ideell foreining der alle verksemder som ønsker å ta ei aktiv rolle i samfunnsutviklinga kan søke om å bli partner, som i praksis betyr medlemskap i foreininga. Framtidslaben og the North West slår seg saman i denne nye organiseringa, der den årlege konferansen vil bestå.

Foreininga skal bygge vidare på alt det gode arbeidet og dei nyttige erfaringane som blitt gjort i Framtidslaben og The North West så langt, og vil ta i bruk det opne rammeverket “17.17 Samfunnsutvikling”. Dette rammeverket blir mellom anna brukt i liknande satsingar i Oslo og Trondheim

Kva for verdi kan ulike aktørar få ved å bruke Framtidslaben framover?

  • Alle får ein arena kor de kan øke kunnskapen om, kjennskapen og tilliten til kvarandre, som igjen legg til rette for bedre samarbeid for berekraft 
  • Næringslivet kan finne nye samarbeidspartnarar, få betre innsikt og informasjon om utfordringar som må løysast i samfunnet (og dei kommersielle moglegheitene dette medfører), utvikle pilotprosjekter der samarbeid er avgjørande, få tilgang på ressursar og nettverk, bli ein meir attraktiv arbeidsgjevar
  • Offentleg sektor kan mobilisere fleire krefter og ressurser for å jobbe for dei eksisterande fastsatte berekraftsmåla, og slik øke gjennomføringskrafta til desse strategiane. Ein trygg plattform for å utøve rolla som samfunnsutviklar. Utløyse ressursar og kompetanse utanfor offentleg sektor som kan bidra til å løyse komplekse samfunnsutfordringar
  • Innbyggjarar kan ta del i utviklinga av sitt eige lokalsamfunn og få tilgang til nettverk som forenkler det å starte eigne prosjekter
  • Gründarar kan få enklare og raskare tilgang til innsikt i utfordringene dei ønsker å løyse, oversikt over tilgjengelege ressursar, eller kontakt med potensielle samarbeidspartnarar som er motiverte for å utvikle nye løysingar
  • Universitet, studenter og FoU-aktører får ein arena for å koble seg på næringsliv og eit lokalsamfunn som kan være en unik ressurs i f.eks. forskningsprosjekt, masteroppgåver, testar og produktutvikling. Dei får og bidra til å utvikle framtidas arbeidsplassar og nye metodar for samskaping.
  • Frivilligheita og sivilsamfunnet ellers får ein arena kor dei kan bidra til og sette i gong prosjekter for sosial innovasjon som styrker samfunnet
  • Innovasjonsklynger får ein arena for samarbeid med offentlig og privat sektor, samt tilgang til testarenaer for å utvikle nye løysingar.
  • Grunneigarar kan få tilgang på dei viktigaste interessegruppene og aktørane i områder som skal utviklast