Om Framtidslaben
Framtidslaben er eit nettverk av partnarar som saman arbeider for å nå FNs berekraftsmål. Partnarane til Framtidslaben kjem frå næringslivet, akademia, organisasjonar, kommunar og andre samfunnsaktørar. Framtidslaben skal vere eit nøytralt bindeledd mellom partnarorganisasjonane, og bidra til å få i gang prosjekt på tvers av sektorar og bransjar. Ålesund kommune starta og driv laben, men den blir utvikla i samarbeid med partnarane. Du kan sjå oversikt over alle partnarane på nettsida: Partnarar - United Future Lab Norway
Framtidslaben med partnarar arbeider med å finne løysingar på utfordringar knytt til korleis vi vil ha det i framtida. Dette gjer vi gjennom prosjekt der vi tar tak i konkrete problemstillingar vi må løyse for å kunne vidareutvikle samfunnet på ein god måte for oss alle. Vi tar for eksempel for oss problemstillingar knytt til utdanning, materialgjenvinning og teknologiutvikling.
Vi er ikkje ein tradisjonell forskningslab, men kvar dag eksperimenterer vi saman med partnarane- prøver og feiler for å finne dei rette og framtidsretta løysingane.
Vi treng både ein klode å bu på og gode lokalsamfunn for å ha det bra i framtida. Då treng vi nye måtar å samarbeide på - for ingen av oss klarer dette aleine.Kanskje har du idear til korleis? Du kan kome med innspel her: United Future Lab Norway
Skal du booke laben?
Du kan gjerne kome innom Framtidslaben, men vi vil gjerne vite om det på førehand. Møteromma og free-seating-plassane er er til bruk for partnarar i laben. Ta kontakt med teamet i Framtidslaben: Kontakt oss - United Future Lab Norway
Møte og arrangement ved Framtidslaben skal først og fremst handle om samarbeid mellom partnarane i Framtidslaben, helst med fokus på berekraftig utvikling og innovasjon.
Framtidslaben ligg på NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter) på Nørve i Ålesund. NTNU ligg på andre sida av vegen. Du kan ta buss og gå av på busstoppet Campus Ålesund. Du kan også køyre bil og parkere ved NMK. Då er parkeringskjellaren under huset billegast. Syklar du, er det sykkelparkering sør for inngangen, som er mot kirkegarden. Du sjekkar inn i resepsjonen i 1. etasje. Framtidslaben held til i 6. et.
Alle som besøker NMK må registrere seg og får adgangskort. Det får du i resepsjonen i 1. et.
Om prosjekt i Framtidslaben
Vi har både store og små prosjekt i laben, alle er knytt til eitt eller fleire av dei 17 berekraftsmåla. Du kan sjå meir om prosjekta på nettsida: Prosjekt - United Future Lab Norway
Eit prosjekt kan bli til på fleire måtar. Det kan kome innspel frå innbyggarane eller politikarane, det kan vere ei utfordring som treng løysing i ein organisasjon, studentoppgåver, KPI-analysen som FN har gjort som viser kor smarte og berekraftige kommunane er, gjennom eit eksisterande prosjekt, på partnartreff og fleire andre måtar.
Ja. Partnarar blir invitert inn i ulike prosjekt, men om det er eit ønske og hensiktsmessig for prosjektet å ta inn prosjektdeltakarar utanfor partnaskapet så gjerast det også. Ta kontakt om det er eit prosjekt du er interessert i.
Vi legg til rette for at partnarane møtast og deler idear og utfordringar på tvers. Vi hjelper dei til å organisere seg om dei ønsker å få til eit prosjekt saman med andre partnarar. Framtidslaben finansierer ikkje prosjekt og er ikkje prosjektleiar.
Vil bedrifta di bli partnar i Framtidslaben?
Ja. Dei fleste betaler 100 000 kroner for å vere partnar, så vil det vere andre som bidrar på andre måtar gjennom arbeid og ressursar. Kontakt oss
Vi har ingen spesialavtale for gründarar. ÅKP har eit spesielt fokus på nystarta verksemder.
Framtidslaben og andre aktørar
ÅKP tilbyr rådgiving, finansiering og tilrettelegging for gründarar og vekstbedrifter - også innan berekraft. Framtidslaben vil at partnarane deler kunnskapen sin og arbeider saman i prosjekt. Det går godt an å vere med begge plassar.
Privat næringsliv kan finne forretningsmoglegheiter gjennom prosjekt og samarbeid med andre partnarar. I tillegg vil partnarskapen kunne bidra med kunnskap og løysingar som bedrifta kanskje ikkje hadde kome på sjølv.
Universitetskommune er eit samarbeid mellom NTNU og Ålesund kommune. Framtidslaben legg til rette for og hjelper til å drive fleire av prosjekta i dette samarbeidet framover.
Framtidslaben og The North West samarbeider tett om ulike aktivitetar, arrangement og digitale seminar. Samarbeidet bidrar til betre koordinering av berekraftsarbeidet i regionen og gjer at Framtidslaben og partnarane når fleire for å spreie kunnskap og engasjement rundt berekraftsmåla. Samarbeidet er naturleg sidan Framtidslaben er ein del av FNs program for smarte og berekraftige byar og The North West er arenaen FN-programmet bruker.
Framtidslaben får både nasjonal og internasjonal merksemd. Grunnen til det, er det unike i samarbeidet mellom fleire samfunnsaktørar som tradisjonelt ikkje har møttast på denne måten og det unike i dei konkrete og framtidsretta prosjekta som blir til i Framtidslaben.
Drifta av Framtidslaben
Skal kommunen spare pengar, så må den drive utviklingsarbeid som kan føre til innsparing på sikt. Framtidslaben er ein del av det utviklingsarbeidet. I tillegg er prosjekta og partnarskapen i Framtidslaben ei inntektskjelde for kommunen. Framtidslaben og partnarar søker pengestøtte til prosjekt som kommunen ikkje kan drive aleine. I 2020 fekk utviklingsprosjekt knytt til laben og kommunens utviklingsarbeid fleire millionar kroner i støtte. I tillegg er partnarbidraga med på å finansiere drifta av Framtidslaben.
To stillingar er finansiert av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og fylkeskommunen: dagleg leiar og koordinator for digital tvilling. Dei andre team-medlemmane er tilsett i Ålesund kommune og har også andre oppgåver for kommuneorganisasjonen. Stillingane fell derfor ikkje budsjettmessig inn under Framtidslaben.
Framtidslaben har bidratt til at regionen har fått tildelingar på fleire millionar kroner til prosjekt drive av det offentlege og næringslivet, eller av dei i samarbeid. Framtidslaben som møteplass og ein nøytral aktør, har bidratt til at vi i framtida vil sjå resultat som vil kome regionen til gode på fleire måtar. Framtidslaben har til no vore med å auke attraktiviteten til regionen og skape nye arbeidsplassar. Eit godt eksempel er vår forsknings- og utviklingspartnar AugmentCity, som gjennom utviklinga av digitale tvillingar har tilsett fleire i selskapet. På grunn av drifta i laben, samarbeidsprosjekt og effektane dette gir, har NTNU oppretta nye studieplassar i Ålesund. I tillegg har dei oppretta to stipendiatstillingar.