Publisert 23.okt 2023

Dei verkeleg store problemstillingane løyser vi ikkje kvar for oss. Det vert satsa mykje og arbeidd hardt for å motverke varig utanforskap. Likevel går utviklinga i feil retning.

Vår overtyding er at vi må setje oss saman med all erfaring og kunnskap. Vi har sett at då finn vi løysingar der vi speler på kvarandre og alle ressursane vi har tilgang på i lag. Slik skaper vi håp for framtida og inviterer alle med på å skape den.

Vi vil snakke med – ikkje om.

Vi ønskjer alle som erfarer utenforskap, som arbeider på ein eller annan måte med å forebygge utanforskap eller som brenn for tema til å delta i dialogen om korleis vi finn løysingar i samspelet mellom oss.

Vi vil bringe mange sektorar, miljø og personar inn i det same rommet for at systema kan snakke saman!

Kvart år møtast vi på The North West for ein stor konferanse, og gjennom året vil vi møtast i mindre samlinger for å jobba vidare saman, bli betre kjent, og få til meir i lag. Sjå også LinkedIn-gruppa.

Når: 8. november kl. 09.30-11.55

Kor: Smia, Sundebygget ved Campus NTNU, Larsgårdsvegen 2

Vi møtes for å holde varmt engasjementet for at alle skal bli en del av framtidens samfunn. Vi bruker møteform som inviterer til å snakke med og ikkje om.

Program

  • Vi sjekker inn med kvarandre og vårt engasjement for innanforskap
  • Vi får innsikt i eit pågåande arbeid i Ålesund: «Trygge heimar» Elisabeth Løvland Sund innleier til samtale.
  • Vi sparrer med kvarandre på ulike pågåande initiativ og styrker nettverket vårt.

Vil du ha invitasjonar til det som skjer i Innanfor Utanfor? Skriv deg opp på denne lista. 

Sjå også LinkedIn-gruppa vår!

Kven arrangerar?

Innanfor er ein møteplass og eit fellesskap som er opent for alle. Vi er inspirert av og hentar erfaringar frå Open Space Technology og Inkluderingsdagane.

Ei kjernegruppe med folk frå blant anna Ålesund kommune, biblioteket, Brisk AS, Framtidslaben, The North West og NAV som saman har teke ansvar for å invitere til og fasilitere møteplassen.

Har du og lyst til å vere med i kjernegruppa? Det er også heilt opent for alle, anten du jobbar med dette eller er engasjert som innbyggjar.

Ta kontakt med oss: 

Lia Ciobanu Andresen, Lia.Ciobanu.Andresen@alesund.kommune.no

Kristin Skjærseth Hildre, kristin.skjaerseth.hildre@stolav.no

Elin Christine Melby, Elin.Christine.Melby@nav.no

Heming Sand, heming.sand@brisk.no

Hege Steinsland, Hege.Steinsland@alesund.kommune.no