Publisert 23.sep 2020

Design og Arkitektur Norge (DOGA) har samla eksempela på beste praksis for å bidra til læring, dialog og samarbeid.


Eksempla er samla under 8 prinsipp som skal hjelpe kommunar og fylkeskommunar med smart og berekraftig utvikling:

  1. Sett innbyggarane i sentrum
  2. Tenk heilheitleg
  3. Prioriter klima og miljø
  4. Vektlegg inkludering og samskaping
  5. Sats på neste generasjons næringsliv
  6. Del og ta i bruk opne data
  7. Sats på kompetanseheving, omstilling og innovasjon
  8. Begynn lokalt, tenk globalt

Ålesund framtidslab er brukt som eksempel på prinsipp nummer 7.

Det kom inn rundt 70 eksempel beste praksis frå kommunar og fylkeskommunar.

DOGA har samla alle 16 eksempla.

Nasjonalt veikart for smarte byer og lokalsamfunn

Dei åtte prinsippa er henta frå smartbyvegkartet som DOGA, Smartbyene, Nordic Edge og eit utval offentlege og private aktørar har utarbeidd. Ålesund kommune var med i arbeidet.

Drivkrafta bak vegkartet var å forsøke å finne ut kva smartby-utvikling betyr i norsk samanhang.

Resultatet blei eit vegkart som:

  • bygger på norske verdiar
  • set mennesket i sentrum for utviklinga
  • ser teknologien som eit middel - ikkje eit mål i seg sjølv

Nasjonalt veikart for smarte byer og samfunn