Publisert 04.mai 2021

Det digitale seminaret er organisert av latviske kommunar og nordisk ministerråd og Ålesund er invitert som eit eksempel på korleis  kommunar tenker innovativt, berekraftig og grønt. Ålesund og Framtidslaben skal blant anna fortelle om kommunens erfaring som medlem av FNs smartbynettverk.

Seminaret 11. mai er ein del av  møteserien FUTURE CREATIVE CITIES som Nordisk ministerråd held i samarbeid med den latviske organisasjonen Culturelab og Europas nettverk av nasjonale kulturinstitutt – EUNIC.

Ålesund kommune og Framtidslaben skal halde innlegg saman med ein representant frå det tekniske universitetet i Berlin som skal snakke om urban designtenking.

Tittelen på Framtidslabens innlegg er Action now with United Future Lab Norway. Det er framtidsnavigatør Anne Lise Sagen Major og dagleg leiar i Framtidslaben Marielle Furnes Mannseth som skal halde det 30 minutt lange innlegget.

Profilbilde_Anne-Lise.jpg
Profilbilde_Marielle.jpg

Du finn meir informasjon om seminaret på nettsidene til nordisk ministerråds kontor i Latvia.

Seminaret startar klokka 13.00 (norsk tid), 11. mai og er ope for publikum som har registrert seg i forkant.