Publisert 26.apr 2022

Ålesund kommune og Framtidslaben var invitert av den norske ambassadøren til Polen. Dagleg leiar i Framtidslaben, Kristine Oda Walderhaug Sæther, fortalte om historia til laben og korleis vi jobbar. Cecilie Solli, rådgivar på vegne av barn og unge i kommunen, fortalte om Barnetråkk, og kor viktig det er å inkludere barn og ungdom i samfunnsplanlegging. Solli viste til  praktiske eksempel på korleis Barnetråkk er samfunnsnyttig og berekraftig. Vi fekk overveldande god respons, og fekk tilbakemelding frå fleire polske representantar om at inkludering av barn var noko dei ikkje har fokus på, men absolutt bør fokusere på i framtida.

Ambassadør Anders H. Eide, norsk ambassadør til Polen, og teamet helser til ordførar i Ålesund kommune. Den norske ambassaden i Polen seier dei var stolte over bidraget til Ålesund kommune under Nordic Day. Dei var også imponerte over korleis vi jobbar saman på tvers av sektorar og bransjar på nye måtar, og at vi tenker utanfor boksa og utfordrar.