Publisert 10.sep 2020

Dei siste 12 åra er 2 000 000 kubikk fjell flytta for å etablere Digerneset Næringspark. No arbeider 720 personar her  - målet er 1 000 arbeidsplassar innan utgangen av 2020.

Digerneset Næringspark er eit knutepunkt for heile regionen.  Mange store aktørar har allereie etablert seg i næringsparken og både for dei og potensielt nye aktørar er det god infrastruktur og høve til ekspansjon.
Forprosjekt Digerneset Innovasjon

Forprosjektet som Ålesund kommune er med i, har fått namnet Digerneset Innovasjon. Forprosjektet har fått godkjent finansiering frå Innovasjon Norge, og involverer – i tillegg til kommunen, partnarar som til dømes Sintef, Posten/Bring, BKK, Sparebanken Møre og Norconsult.

Dagleg leiar Jan Petter Larsen i Digerneset Næringspark har ei sentral rolle i prosjektet:

- Formålet med forprosjektet er å undersøke om det er mogleg å etablere Digerneset Næringspark som ein smart bydel og eit smart knutepunkt for logistikken i regionen. Vi har eigarar og partnarar som tenker langsiktig og er opptatte av økonomisk berekraftig utvikling. Målet er å finne konkrete kommersielle moglegheiter og løysingar som kan bidra til å nå målet om ein utsleppsfri transportsektor, seier Larsen.

Innovativt samarbeid, eit sterkt fellesskap og samhandling mellom næringsliv, akademia og det offentlege er avgjerande for å lykkast med å gjere prosjektet økonomisk berekraftig. Difor er prosjektet ein del av Ålesund framtidslab som arbeider med smart og berekraftig by- og samfunnsutvikling.. Framtidslaben er driven av Ålesund kommune og er med i FNs smartbyprogram United for Smart Sustainable Cities (U4SSC). Digerneset Næringspark er partnar i framtidslaben.

- FN sine berekraftsmål må vi alle forhalde oss til i framtida og iet slikt samarbeid som vi no prøver å skape via U4SSC, trur eg er noko alle partnarar vil få stort utbytte av, seier Larsen.

Berekraftige løysningar for heile regionen

BDO er, i tillegg til å vere partnar i framtidslaben, ansvarlege for prosjektleiinga i Digerneset Innovasjon. BDO ser eit stort potensiale i å bidra til å realisere større berekraftprosjekt som dette. Senior manager Gro Hovde Fiksdahl fra BDO i Trondheim er prosjektleiar:
 
 – Vi er svært fornøgde med at Innovasjon Norge har så stor tro på prosjektet, og at vi har fått med gode partnarar. Berekraftsmål nr. 17 om samarbeid for å nå måla står heilt sentralt i arbeidet. Gjennom arbeidet i forprosjektet ønsker vi å finne berekraftige løysingar på dagens problem med morgondagens løysningar, seier Hovde Fiksdahl.

Resultatet av forprosjektet skal sette retning for vidare utvikling av berekraftige løysingar for regionen. Alle partnarane vil jobbe tett saman om regionale utfordringar knytt til berekraftig utvikling.

- Dette er eit omfattande forprosjekt.  Eg trur moglegheitene er store, og vi start no øverst i trakta. Alle partnarane kan gjennom sitt engasjement og sin kompetanse, bidra til å skape vegen vidare. Dette vil kunne gi positive konsekvensar både for innbyggarar, lokalsamfunn, leigetakarar og øvrig næringsliv, seier Jan Petter Larsen.

I forprosjektet møtast partnarar med ulike faglege perspektiv for å utforske, og sjå nye moglegheter i samspel med andre. Med eit felles mål om å skape ein framtidig smart bydel og regionens mest berekraftige knutepunkt.

– Forprosjektet har som ambisjon at våre partnarar får etablert nye relasjonar og nettverk som kan arbeide vidare med berekraftige prosjekt. Om ikkje alle blir med i hovudprosjektet, så vil det komme opp mange idear og moglegheiter som gir grunnlag for framtidige samarbeidstiltak, seier Fiksdahl.