Publisert 21.mai 2021

Ein søknad til Kartverket har utløyst støtte slik at to personar kan få sommarjobb med å gjere den praktiske datainnsamlinga. Difor kan Framtidslaben no i samarbeid med Ålesund kommune, Kartverket og Augment City søke etter to personar som kan jobbe i fire til seks veker i sommar. 

Desse to skal reise rundt i Ålesund med nettbrett og målestokk og kartlegge både by, bygd og friluftsområde. Når det gjeld kartlegging av friluftsområde, vil Sunnmøre Friluftsråd bidra med råd og innspel. Vi vil også ha dialog med Råd for menneske med nedsett funksjonsevne  

Dei to i sommarjobbane skal gjennomføre prosjektet i samarbeid med eit team frå fleire kommunal- og stabsområde, Kartverket og AugmentCity. 

Betre universell utforming

Etter sommarens datainnsamling skal ein utforske nye måtar å visualisere kor lett – eller vanskeleg – det er for personar med nedsett funksjonevne å ta seg fram i området. Ein ser for seg at dette kan knyttast til studentoppgåver. Ei kartlegging av problema er første steg på vegen til å gjere noko med det.

Målet med prosjektet er å gjere Ålesund kommune betre rusta til å utvikle og forvalte arbeidet med universell utforming på ein god og varig måte. Det vil også bidra til betra folkehelse, meir inkludering og deltaking. 

Søk på stillinga her

Om stillinga

Vil du reise rundt i Ålesund kommune med nettbrett og målestokk i sommar? 

Framtidslaben, i samarbeid med Ålesund kommune, Kartverket og Augment City, søker ivrige studentar til å jobbe hos oss i 4-6 veker i juni/juli, frå veke 25! 

 Tilgjengelege lokalsamfunn skal vere sosialt inkluderande for alle og bidra til auka fysisk og psykisk velvære. Kan vi med enkle grep gjere lokalsamfunna meir tilgjengelege for alle? Ein viktig del av arbeidet vil vere å skaffe ein oversikt over situasjonen. Som sommarhjelp hjå oss vil du få ta del i eit spennande arbeid med å kartlegge tilgjenge og universell utforming i tettstadar, byrom og friluftsområder i kommunen. 

Vi treng to engasjerte sommarhjelpar til dette arbeidet. Nødvendig opplæring og rettleiing vil bli gitt ved oppstart og undervegs. Du vil ha base på Framtidslaben ved Campus Ålesund, og ha heile Ålesund kommune som arbeidsplassen din. Du vil jobbe saman med ein annan, og vi oppfordrar deg derfor til å be andre engasjerte kjente til å søke. Du vil få sjansen til å bli kjent med det spennande kompetanse- og teknologimiljøet ved Campus Ålesund, og jobben du skal gjere vil tilføre viktig kunnskap til arbeidet med berekraftig utvikling i kommunen. Stillinga passer godt for deg som er interessert i byutvikling og miljø, og ønsker deg ein litt annleis sommarjobb! 

 Vi vurderer søknadane fortløpande. 

Om Framtidslaben

Framtidslaben er eit nettverk av partnarar som saman arbeider for å nå FNs berekraftsmål. Partnarane i Framtidslaben kjem frå næringslivet, akademia, organisasjonar, kommunar og andre samfunnsaktørar. Framtidslaben skal vere eit nøytralt bindeledd mellom partnarorganisasjonane, og bidra til å få i gang prosjekt på tvers av sektorar og bransjar.  Framtidslaben er oppretta og driven av Ålesund kommune og blir utvikla saman med partnarane.

Om Augment City

Augment City utvikler høykvalitets digitale grafiske tvillingar for smarte og berekraftige løysingar gjennom heile byutviklingsprosessen som involverer innbyggarar, politikarar, private og offentlege slutningstakarar. Dei er også simuleringspartnar i FNs program for smarte og berekraftige byar - United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC ip). Ei plattform - fleire datasett - tverrfagleg samarbeid for ei smartare og meir berekraftig framtid.   

Om Kartverket

Kartverket er Norges Geodatakoordinator, frå sjø til land, og frå det ytste verdsrommet til dei djupaste havbotnar. Kartverkets arbeidsfelt er omfattande og mangfaldig. Fellesnemnaren for oppgåvene til Kartverket er geografisk eller stadfesta informasjon, enten det handlar om datamengdene som ligg til grunn for eit kart, om stadnamn, eigedomsgrenser eller tinglyste rettar knytt til ein stad. Blant oppgåvene er også koordinasjon av kartlegginga av tilgjengelegheit og universell utforming.