Publisert 17.sep 2021

Bli med på Campusuka!

20 - 24. september blir Campusuka arrangert. Tema i år er "Grøn omstilling". Vil gjerne at partnarane bidrar og viser seg fram torsdag 23. september. Då har vi eit arrangement klokka 1300 - 15.00, der partnarane kan presentere seg og korleis de arbeider med berekraft.

Send e-post til anne-bente@unitedfuturelab.no om din organisasjon eller di bedrift har lyst til å presentere arbeidet dykkar på arrangementet. Frist er fredag 17. september klokka 12.00.

Framtidslaben bidrar med fleire arrangement under Campusuka.

Vi har ansvaret for:

  • ein dagleg podkast som blir publisert kvar dag klokka 1400 
  • er vertsskap for speed date for prosjekt under Universitetskommune-paraplyen tysdag 21. september klokka 13.30 - 14.30.

Berekraftrebus

I samarbeid med Voice of Norway har Framtidslaben utvikla ein berekraftrebus der du får spørsmål om alle FNs 17 berekraftsmål. Ta med deg familien, vener og kjente på ein spennande tur i Ålesund sentrum!

Det er veldig enkelt å få til! Du lastar ned appen Voice of Norway, går inn på «Framtidslabens berekraftsrebus» og lastar ned rebusen. De blir bedne om å registrere dykk når de kjem på første post  - så er de i gang! Du ser kor postane er på eit kart og svarer på spørsmåla i appen. Du startar på den posten du vil. 

Les heile nyheitsbrevet!