Publisert 09.mar 2022

4. mars samla dei bedriftene som har sertifisert seg dei siste månadane for ei felles utdeling av diplomane. Varaordføraren i Ålesund kommune Vebjørn Krogsæter var tilstades for å dele ut miljøfyrtårndiplomane.

Etter utdelinga fortalde Ellingsøy Barnehage, Storfjord Hotel, Norconsult AS, H-fasader AS, Nordplan AS og Thermo Transit om korleis dei jobbar for å handle meir klimanøytralt og kva tiltak dei har gjort i sin bedrift. Vi håpar fleire bedrifter velger å sertifisere seg og handle meir framtidsretta.