Publisert 19.apr 2021

Fleire av partnarane har møtt ho  – og har du ikkje møtt ho, har du kanskje høyrd ho. Kari Aina er engasjert og seier gjerne det ho meiner – sunnmørsk i hjarte og sjel.

No har ho funne tilbake til fødebyen etter mange år sentralt i FN-systemet og grunnen er klar seier ho:

Eg ønsker å vere nær vener, familier og kolleger etter så mange år ute, smiler ho.
Og så ser eg jo at det som skjer rundt Framtidslaben og med partnarane der stadig veks og eg har lyst til å vere tett på den utviklinga.

Ho har eit spesielt forhald til Framtidslaben si historie. I kommunesamanslåingsprosessen var det eit klart politisk initiativ om at nye Ålesund kommune skal ha ei tydeleg satsing på offentleg innovasjon og utvikling. Parallelt med denne prosessen, oppstod det fleire tilfeldige treff mellom ulike aktørar, som involverte blant andre Kari Aina Eik, som også er generalsekretær i OiER (FNs økonomiske organisasjon), tilsette ved Offshore Simulator Center og leiarar i Ålesund kommune. Desse møta førte til at Ålesund, Sula og Giske blei med i FN sitt nettverk for smarte og berekraftige byar. Det er bakgrunnen for at desse tre kommunane var dei første i Norge som gjennomførte FNs analyse over kor smarte og berekraftige vi er. No er talet langt høgare.

Eik var ikkje snauare enn at ho i same rennet utfordra Ålesund kommune til å etablere United Future Lab Norway – og som sagt, så gjort. Framtidslaben blei etablert saman med partnarar frå privat næringsliv, akademia og andre aktørar i offentleg sektor. Den opna i november 2019, og blir no driven av Ålesund kommune og utvikla i samarbeid med partnarane.

Sjølv om Eik har flytta heim, vil ikkje det seie at ho har slutta i FN.

Nei, eg leiar fortsatt FN-programmet, men tar med meg jobben heim til Norge. I tillegg så er Norge pilot i FN-programmet og er blitt ein viktig innovasjonsarena for berekraft. Det arbeidet ønsker eg å løfte fram, og det blir lettare å gjere når eg er her.  

Når det gjeld FNs og Kari Ainas si rolle knytt til Framtidslaben, så vil det framleis vere slik at FN sitt program for smarte og berekraftige byar er strategisk partnar og støttespelar for laben. Laben er også FN-programmets hovudarena for prosjektet her i landet.

Og partnarane vil merke at Kari Aina er til stades:

Vi kjem til å sjåast oftare og eg håper også at eg kan vere til hjelp med å få inn fleire partnarar og fleire prosjekt, seier ho og legg til at ho ser sine viktigste oppgaver knytt til laben og partnarane til å vere strategi opp mot partnarane, prosjektutvikling og moglegheitene som ligg i kommunikasjon.
Eg gler meg slik til å vere her framover! Det er perfekt timing etter eitt år i isolasjon i Wien er det fantastisk å kome opp til Ålesund, til heimlandet mitt! Eg har tenkt på dette lenge og endeleg gjekk det, seier ei glad Kari Aina Eik.