Publisert 01.sep 2021

Ordførar i Ålesund kommune, Eva Vinje Aurdal, delte ut diplomar og dei nyslåtte Miljøtårna fekk informasjon frå Miljøfyrtårn ved dagleg leiar Ann-Kristin Ytreberg om korleis dei jobbar. 

Deltakarane blei også einige om å starte eit erfaringsnettverk for dei som er, eller er i gang med å bli, miljøsertifiserte i løpet av hausten. Dersom bedrifta di er interessert i å bli med, gje beskjed til Kristine på kristine@unitedfuturelab.no. 

Kva er miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn er eit verktøy som gjer at dei som er sertifiserte, driv berekraftig internt og set minst mogleg klimafotavtrykk. 

Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifisering for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar. Å vere Miljøfyrtårn inneber systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Verksemdene oppfyller kriterier og gjennomfører tiltak for ei meir miljøvennleg drift og eit forsvarleg og trygt arbeidsmiljø i samsvar med Arbeidsmiljølova.

Laben som Miljøfyrtårn

Gjennom Miljøfyrtårnsertifiseringa har Framtidslaben blant anna fått på plass meir tilgjengeleg avfallssortering og tatt bort andre frittståande søppelbøtter. Vidare er dei fleste av møblane i laben kjøpt brukt. Laben har også kontinuerleg fokus på korleis å bygge eit godt arbeidsmiljø for dei som er innom laben, både for kollegaer og partnarar.