Publisert 24.feb 2022

Prosjektet mobilitetsmodellar handlar om korleis bevegelsesmønsteret vårt påverkar klimautslepp. Pernille Stadsnes frå AgumentCity var tilstades for å presentere prosjektet. 

Vidare vart prosjektet Data og Internet of Things (loT) i kommunal planlegging presentert. Det var Andreas Amundsen frå Framtidslaben/Ålesund kommune som fortalde om dette prosjektet. 

Johanne Kjerstad frå NTNU fortalde om prosjektet COLLECTiEF. Dette er eit prosjekt som omhandlar intelligente energisystem i bygg, som skal gjere det enklare å spare straum og dermed redusere klimautslepp. 

Partnarane fekk ein heilt unik moglegheit gjennom partnartreffet. Bente Malmo frå United Cities og Ingvild Nistad frå R8me presenterte ein ny metode som skal hjelpe små og mellomstore bedrifter i å måle kor berekraftige dei er. Metoden bygger på  berekraftsanalysar og verktøy frå United Cities som blir bruk av byar og regionar globalt. 

Vi takkar dei som deltok på partnartreffet og gleder oss til neste gong.