Publisert 01.sep 2021

I samarbeid med Voice of Norway har Framtidslaben utvikla ein berekraftrebus der du får spørsmål om alle dei 17 berekraftsmåla som er utvikla av FN. På laurdag 4. september inviterer Framtidslaben og 10 partnarar alle til å løyse oppgåver og vere aktive saman med familien, vener eller åleine i Ålesund sentrum. På nokre av postane kan du for eksempel teste rullestol på ujamnt underlag, gjette kva du smakar på av mat, spinne lykkehjulet og sortere avfall.

Det er veldig enkelt å få til! Du lastar ned appen Voice of Norway, går inn på «Framtidslabens berekraftsrebus» og lastar ned rebusen. Du blir beden om å registrere deg når du kjem på første post  - og så er du i gang! Du ser kor postane er på eit kart og svarer på spørsmåla i appen. Du begynner på den posten du vil. Du finn også rebusen her: Framtidslabens berekraftsrebus | Voice Of Norway

Løyser du fleire enn 10 oppgåver, er du og dei du konkurrerer med, med i trekninga om prøve 3D-briller i Korsatunnelen i etterkant av rebusen og før klokka 15.00.

Nokre av postane er heilt digitale laurdag, men på heile 9 av dei står partnarar i Framtidslaben og gir dykk spørsmål eller utfordringar – sjølvsagt innanfor gjeldande smittevernreglar.

Partnarane du treff er:

  • Møre og Romsdal fylkeskommune v/Ålesund Kompetanseklinikk med berekraftsmål 3 – God helse og livskvalitet
  • NTNU med berekraftsmål 4 – God utdanning
  • ÅRIM med berekraftsmål 9 – industri, innovasjon og infrastruktur
  • Kartverket, Norges Blindeforbund, Ålesund kommune og NHF med berekraftsmål 10 – Mindre ulikskap
  • Sparebanken Møre med berekraftsmål 11 – Berekraftige byar og lokalsamfunn
  • OBOS med berekraftsmål 13 – Stoppe klimaendringane
  • Optimar og Atlanterhavsparken med berekraftsmål 14 – Livet i havet 

I Korsatunnelen står teamet i Framtidslaben klar med bistand om det er nødvendig.

Berekraftsrebusen blir klar til 1. september og det er fritt fram å ta den før laurdagen, men då blir det ingen hyggelege fysiske møte på postane, berre den digitale løysinga😊.

Berekraftrebusen blir liggande permanent på appen Voice of Norway som eit tilbod til skoleklassar, innbyggarar og besøkande.

Velbekomme!