Publisert 26.jan 2021

"Markedsdialog" blei gjentatt fleire gangar som eit viktig utgangspunkt for betre løysingar og samarbeid om berekraftige offentlege innkjøp. Framtidslaben er derfor glade for at fleire er interesserte i å gå inn i eit samarbeid om dette og ønsker å invitere partnarane til å ta del i eit prosjekt om offentlege innkjøp og berekraft. 

Under partnartreffet melde desse interesse for prosjektet:

  • Næringsforeningen i Ålesundregionen
  • NTNU i Ålesund
  • Ålesund kommune
  • Atea
  • Sykehusinnkjøp
  • Tafjord
  • Epson Europe B.V.
  • Pipelife
  • AcoAnlegg

Krava om å handle berekraftig blir tydelegare, og Norge har framleis ein lang veg å gå for å redusere klimagassutslippa i tråd med Parisavtalen. For å redusere klimagassutsleppa, og samtidig finne gode berekraftige løysingar, må vi samarbeide på tvers. Offentleg sektor kjøper inn varer, tenestar og bygge- og anleggsarbeid for ca 520 milliarder kroner årleg. Korleis kan vi jobbe saman for at pengane utnyttast best mogleg, og at innkjøpa bidrar til berekraftig samfunn- og næringsutvikling? Framtidslaben samlar i dette digitale partnartreffet både leverandørar og innkjøparar for å dele tankar og diskutere utfordringar og løysingar. 

Delta?

Dersom nokon i organisasjonen din ønsker å ta del i prosjektet eller vil ha meir informasjon, ta kontakt med koordinator Kristine Oda Walderhaug Sæther (kristine@unitedfuturelab.no). 

Over 90 personar deltok på partnartreffet som du kan sjå i opptak her: