Publisert 26.nov 2021

Ålesund kommune representerer offentleg sektor på vegne av alle kommunane i fylket. I tillegg er Framtidslaben representert i nettverket.  

Møre og Romsdal fylkeskommune får 1.5 millionar kroner frå Forskningsrådet for å etablere nettverket som skal sjå på kva moglegheiter som ligg i Horisont Europa. Horisont Europa er EU sitt program for forsking og innovasjon og programmet har ei total ramme på om lag 1000 milliardar kroner i perioden 2021 – 2027. 

Ålesund kommune har ein hovudrepresentant med vara  i styringsgruppa for nettverket (Tore Johan Øvstebø (KrF) og Siv Katrin Ulla (Ap)), i tillegg er framtidsnavigatør Anne-Lise Sagen med. 

I Møre og Romsdal vil EU-nettverket i første omgang arbeide for berekraft og grøn omstilling i havnæringane og kommunesektoren fortel framtidsnavigatør Anne-Lise Sagen Major:

- Nettverket skal gjere det lettare for aktørar med forskings- og utviklingsprosjekt å søke EU-midlar og finne samarbeidspartnarar ute i Europa. Håpet er at nettverket skal gje fleire og betre forskings- og innovasjonssøknadar til Horisont Europa gjennom å forsterke arbeidet til deltakarane og dei allereie etablerte regionale og nasjonale støttetenestene.  

Desse er med i EU-nettverkets arbeidsgruppe:

  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Møreforskning
  •  SINTEF
  • NCE Blue Legasea/ GCE Blue Maritime
  • Ålesund kommune
  •  NTNU
  • NCE Ikuben
  • Vest Norges Brusselkontor

Her er det samarbeid som er nøkkelen, seier Sagen Major:

- Nettverket skal mobilisere og støtte for å kunne sjå kva som er mogleg å få til av europeisk samarbeid, og skape nye alliansar på tvers av sektorar. Nettverket skal styrke konkurransekrafta og omstillingsevna til næringslivet og offentleg sektor i regionen.