Publisert 21.okt 2020

Regjeringa har bedt om innspel frå privatpersonar, verksemder og organisasjonar i arbeidet med å utforme ein nasjonal handlingsplan for å nå FN sberekraftsmål innan 2030, som er tidshorisonten FN har sett.

Berekraftsmåla gjeld alle land og alle deler av samfunnet. Også Noreg, som var pådrivar for å vedta måla i 2015. For at Noregs innsats skal vere mest mogleg målretta dei neste ti åra, er regjeringa i gang med å lage ein nasjonal handlingsplan for berekraftsarbeidet og ønsker deltaking frå heile samfunnet.

Handlingsplanen skal utarbeidast som ei stortingsmelding for å sikre brei forankring i Stortinget, og den skal leggast fram i løpet av våren 2021.

Framtidslaben inviterte partnarane til å kome med sine innspel til laben slik at innspela kom samla inn til regjeringa.

Hovudtrekk frå innspelet frå partnarane

Handlingsplanen skal vere eit verktøy i arbeidet med berekraft. Det må vere ein raud trå gjennom heile handlingsplanen med fokus på samarbeid på tvers av bransjar og sektorar, og gis tydelege retningslinjer for korleis vi saman skal jobbe med berekraftig utvikling nasjonalt.

Handlingsplanen må vere

  • Tydeleg
  •  Konkret
  • Lettlest
  • Interaktiv

Handlingsplanen må fokusere på

  • Tiltak
  • Gode og felles indikatorar

Meir spesifikt: Handlingsplanen må vere lett å bruke. Den må gi ei god oversikt over kva som må gjerast i arbeidet med berekraft, og kva som skal prioriterast først. Bedrifter og enkeltpersonar må lett kunne finne fram til utfordringar, moglegheiter og konkrete tiltak i arbeidet med berekraft.

Dette betyr:

  • Skildre mål og tiltak punktvis
  • Spesifisere kva som bør fokuserast på
  • Interaktiv handlingsplan: Ein kan lett trykke seg vidare, fram og tilbake, i dokumentet.


Mange kommunar er i gong med å måle kor smarte og berekraftige dei er gjennom U4SSC (United for Smart Sustainable Cities)-programmet. Vi meiner regjeringa bør gå inn og sørge for at alle kommunar i Noreg gjer det same; vere klare på kva KPIar som skal brukast. På den måten kan vi:

  • Skape eit felles grunnlag for arbeidet med berekraftig utvikling
  • Forbetre indikatorane saman
  • Samanlikne og jobbe saman for forbetring

Måling/rapportering

Korleis kan vi sørge for betre målingar for samarbeid på tvers? Kva er likt mellom sektorane, og kva er ulikt? Kva treng vi? Korleis kan samarbeid føre til betring innad i ein sektor og mellom sektorar, og for samfunnet som heilskap?

Handlingsplanen bør fokusere på målingar som

  • Legg til rette for samarbeid på tvers
  • Skaper openheit om utfordringar mellom sektorar
  •  Fokuserer på alle tre dimensjonane av berekraft (klima og miljø, livskvalitet for innbyggarane og økonomi)
  • Skaper samanlikningsgrunnlag mellom bedrifter og kommunar

Tiltaka bør vere

  • Konkrete
  • Tydelege
  • Retta mot samarbeid på tvers

Innspel

Du kan lese alle innspela frå Framtidslaben og partnarar her.

Regjeringa har samla alle innspela på ei eiga side.

Regjeringa har ei eiga sida om berekraftder Framtidslaben er med blant andre gode eksempel på berekraftsarbeid rundt om i landet.