Publisert 05.okt 2021

Ålesund kommune er ein av 10 søkarar som er med vidare i runde to og er no verkeleg inne i sluttspurten om å få EU-midlar. Det er søkt om til saman 4 millionar kroner for å teste ut korleis kunst og kultur kan bidra til å skape identitet, tilhøyrigheit, attraktivitet og bulyst. 

Styrka samarbeid mellom kunstnarar, byplanleggarar og innbyggarar vil kunne ha positiv effekt på stadutvikling som vi veit er viktig for å gjere Ålesund attraktiv for framtidas innbyggarar. 

Ålesund har vald utviklinga av Sørsida som hovudprosjekt. Dagleg leiar i Sørsida AS, Kirsti Slotsvik, presenterte prosjektet og Sørsida som hovudprosjekt under den store konferansen Nordic Edge i Stavanger tidlegare i haust.

Ho meiner prosjektet kan vere med å setje eit innovativt og attraktivt preg på den nye bydelen:

- For utviklinga av Sørsida er eg sikker på at innspel og inspirasjon frå samarbeidet  - både her heime og med dei andre byane, vil vise igjen som gode, vakre og nytenkjande løysingar både ute og innandørs.

Resultat frå prosjektet skal blant anna brukast  i arbeidet med byromsstrategi, Verkstad DaVinci – kunstprosjekt for barn, kulturplan og ei handbok for medborgerskap – korleis involvere innbyggarar i innovasjon og utvikling. 

The North West og Framtidslaben skal brukast som samskapings- og kommunikasjonsarena for prosjektet. Planen er å starte opp i samband med The North West i april 2022.

Dei andre byane som samarbeider om prosjektet er Toruń (PL), Vilanova i la Geltrú (SP), Utrecht (NL) and Nova Gorica (SI). Dei har lignande pilotar og Ålesundsmiljøet skal samarbeidet tett med desse for å sikre kunnskapsdeling og læring på tvers av landegrenser. 

I november – desember blir det klart kva for 3 – 4 prosjekt som får innvilga søknaden.

Det er NTNU ved Annemie Wyckmans frå institutt for arkitektur og planlegging som leiar forskningsprosjektet.