Publisert 06.jan 2022

I Framtidspoden inviterer Framtidslaben og partnarar til samarbeid og fortel om konkrete og framtidsretta prosjekt som skal bidra til å nå FNs berekraftsmål.

Til no ligg fem episodar klare og ventar på deg der du til vanleg finn podkastane dine. Podkastane er mellom 15 – 20 minutt lange. Det er Anne Bente Skjellum, kommunikasjonsansvarleg for Framtidslaben, som leiar podkastane. 

  • I den første episoden blir du kjent med Framtidslaben, eller United Future Lab Norway som den også heiter. Kva er Framtidslaben? Kva gjer dei der? Kven er partnarar i Framtidslaben og kvifor? Det forteller dagleg leiar Kristine Oda Walderhaug Sæther.
     
  • Kva har fotball med berekraft å gjere? Dagleg leiar i AaFK, Geir Steinar Vik, snakkar om klubbens berekraftengasjement. 
  • Høyr korleis Statens vegvesen arbeider med berekraft og tar vare på samfunnsoppdraget sitt om å utvikle gode vegsystem slik at transporten ikkje fører til alvorleg skade på menneske eller miljø – ei umogleg oppgåve? Du møter leiar for HMS og berekraft i Statens vegvesen Gina Ytteborg. 
  • Framtidslaben har vore med å utvikla ein kurspakke for ungdomsbedrifter som skal gjere det enklare for bedriftene å arbeide med berekraft.Arbeidet er gjort saman med Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune. Fleire av partnarane i Framtidslaben har bidratt med tips og triks til ungdommane. I denne episoden av Framtidspoden fortel dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, Lars Øyvind Baltzersen om Bærekraftig Bedrift.
  • Kva er berekraftig med avfall? Å brenne det vi andre kastar og ikkje sitte igjen med avfallsstoffa - korleis gjer TAFJORD dette? Og kva tenker dei rundt ei framtidsretta utvikling og samarbeid med andre? Irene Vik, direktør for energigjennvinning hos Tafjord Kraftvarme AS er på besøk i Framtidslaben.

Lytt til Framtidspoden der du høyrer podkast.

Google Podcasts

Spotify

iTunes