Publisert 24.sep 2020

329 gründerbedrifter var med i konkurransen 100 pithces og selde inn ideane sine. Dei fordelte seg i fem forskjellige smarte og berekraftige sjangerar:

  • Hav
  • Helse
  • Energi
  • Likestilling
  • Smarte byar

I første runde blei dei reduserte til 100 bedrifter og i finalen var dei tre i kvar sjanger.

Kvar sjanger hadde ein jury og i sjangeren for smarte byar satt dagleg leiar i Ålesund framtidslab, Marielle Furnes Mannseth, leiar for FNs program United for Smart and Sustianable Cities (U4SSC) Kari Aina Eik og Lukas Ertl, prosjektleiar i FN-organisasjonen OiER.

Material Mapper har utvikla eit verktøy for å prosjektplanlegging og gjenbruk av byggematerial for entreprenørar og kommunar.

- Material Mapper vann fordi byggebransjen er ein av bransjane der det krevst stor endring for å kunne bli meir berekraftig, seier Furnes Mannseth.

- I tillegg fokuserer bedrifta på teknologien i prosjektet gjennom ei  eiga teknologiplattform, noko som er smart i seg sjølv. Dei er unike og har monopol på si løysing -  som også er skalerbar globalt.

Material Mapper har fått støtte frå Innovasjon Norge til utviklinga.

Bilete:

Dagleg leiar i Material Mapper Ieva Sibilla Strupule during the finale of 100 pitches.

(Artikkelen fortset etter videoen med andre vinnarar frå Oslo Innovation Week 100 pitches)

And the winner is!

Material Mapper vann i sjangeren smarte byar! Dei er eit selskap som har utvikla eit verktøy for prosjektplanelgging og gjenbruk av byggematerial for utbyggarar og kommunar.

Vi gratulerer og ønsker velkommen som medlem i Ålesund framtidslab!

Andre vinnarar:

Hav - Metapod - ei bedrift som vil bruke gresshopper som proteinkilde og som er ein del av ÅKP! Kudos!

Helse - BulbiTech AS

Energi - AC Biode

Likestilling - Citispotter limited

Gratulerer til alle!