Publisert 11.nov 2020

Regjeringa arbeider med ein nasjonal handlingsplan for berekraft og har invitert heile landet til å kome med innspel.

Planen skal vere ferdig våren 2021 og målet med planen er å konkretisere arbeidet med FNs berekraftsmål og tilpasse dei til norske forhald og norske utfordringar.

Regjeringa har ei samleside om arbeidet som skjer rundt i Noreg, der blant anna United Future Lab Norway i Ålesund er nemnt.

Framtidslaben og andre har også kome med innspel til handlingsplanen.

19. november arrangerte The North West, United Future Lab Norway og Møre og Romsdal fylkeskommune nettmøte om "Berekraftsfylket Møre og Romsdal". Sjå opptaket under.

Landet rundt på nettmøte

Som ein del av det å få med heile landet i arbeidet, har regjeringa utfordra åtte organisasjonar til å halde nettmøte om bekrekraftsmåla og forskjellige inngangar til dei.