Publisert 24.aug 2021

Det blir stadig meir viktig å jobbe miljøvenleg. Gjennom å miljøsertifisere verksemda di får de jobbe konkret med arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport. De får verktøy til å måle miljøarbeidet og framgangen systematisk, noko som gjer det enklare å iverksette tiltak. Dette kan igjen gje verksemda konkurransefortrinn samtidig som de bidrar til ei grøn framtid. Det heier vi på! 

Derfor ønsker Ålesund kommune og United Future Lab Norway (Framtidslaben) å gjere ekstra stas på dei verksemdene i kommunen som har miljøsertifisert seg! Dette vil vi gjere under The North West, tirsdag 31. august ved Norsk Maritimt Kompetansesenter kl. 11.00-13.00.

Program

Dagleg leiar i Miljøfyrtårn, Ann-Kristin Ytreberg, kjem for å fortelje om Miljøfyrtårn og møte både dei verksemdene som er sertifiserte, er i gang med sertifisering, og berre er interesserte i å lære meir. 

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, skal dele ut miljøfyrtårnsertifikat.

Liv Kjersti Finholt, seksjonsleiar for berekraftig samfunnsutvikling i Ålesund kommune og Kristine Oda Walderhaug Sæther, United Future Lab Norway, skal informere om arbeidet. 

Under møtet vil vi også lufte stemninga for å starte ei gruppe på tvers av verksemder som ønsker å jobbe med - eller allereie jobbar med, miljøleiing. Ein treng heile organisasjonen med seg for å bli så gode som mogleg, og vi ønsker å bidra til å gjere dette lettare. 

Sesjonen består av to delar: 
Kl. 11.00-12.00: Lunsj og utdeling av miljøfyrtårnsertifikat
Kl. 12.15-13.00: Kort seminar om Miljøfyrtårn med moglegheit for å stille spørsmål, og mingling

Meld deg på lunsjen, så feirer vi eit godt stykke miljøarbeid. Det er mogleg å melde seg på delar eller heile arrangementet.

Påmeldingsfrist innan fredag 27. august. 

PÅMELDINGSSKJEMA