Publisert 23.feb 2021

Innovasjon Norge her i landet og i Singapore samarbeider med FN-programmet for smarte og berekraftige byar, U4SSC og Framtidslaben om eit Global Growth-program som skal hjelpe Singapore til å løyse utfordringar innan avfalls- og vasshandtering og digitale smartby-løysingar.

Programmet er retta mot nordiske bedrifter og skal løfte bedriftenes forretningsmoglegheiter i Søraust-Asia gjennom rådgiving og teknologiske og og strukturelle løysingar.  Målet er eksport og sal av nordiske løysingar for å løyse lokale og regionale problem.

Programmet gjeld:

  • Handtering av fast avfall - innsamling og sortering
  • Konvertering av mat, spesielt matavfall ti bruker produkt som til dømes gjødsel og element til fiskefôr
  • Vasshandtering inkludert reduksjon i forbruk, handtering av vatn til dømes industrielt avfallsfatn og løysingar for resirkulering av vatn
  • Digitale smartby-løysingar (hausten 2021)

Singapore ønsker å etablere seg som ein teknologihub og vere eit utgangspunkt for pilotar, finne løysingar og adressere dei store marknadane i Søraust-Asia.

I Singapore samarbeider Innovasjon Norge med resten av Team Norway: Den norske ambassaden, Nordic Innovation House, Norwegian Business Association og Norwegian Energy Partners. Store lokale partnarar kartlegg no utfordringane dei ønsker løysingar på. Desse vil bli kommuniserte til nordiske selskap som kan melde sin interesse for å vere med i programmet.

Her er meir informasjon om programmet frå Innovasjon Norge.

Her er generell informasjon om Innovasjon Norges Global Growth-program.

Informasjonsmøte

Det vil bli eit informasjonsmøte for interesserte 8. mars. Dei som ønsker å vere med på møtet, sender ein e-post til dagleg leiar i Framtidslaben Marielle Furnes Mannseth: marielle (at)unitedfuturelab.no

Global Growth-programmet blei også presentert under partnartreffet 19. februar. Det kan du sjå i opptak: