Publisert 22.jun 2021

I podkasten snakkar framtidsnavigatør Anne-Lise Sagen Major, førsteamanuensis ved NTNU Dina Margrethe Aspen og konstituert kommunedirektør i Ålesund, Bente Glomset Vikhagen om arbeidet med Smart Plan og Klimasatsprosjekt. 

Ein digital tvilling er ein digital versjon av kommunen, basert på ulike kartlag og store mengder data som blir presentert visuelt som eit slags dataspel i 3D. Her er det gater, bygningar, hav og bekkar – og alt anna kommunen og forskerane meiner bør vere med for å skape ein nyttig modell som kan brukast til å simulere effektar av ulike val og endringar.

Den digitale tvillingen skal gjere det raskare og meir effektivt å utnytte tilgjengelege data for å sjå effekten av ulike val, og gjere det  lettare for saksbehandlarar, politikarar og innbyggarar å sette seg inn i scenarioa.

Du kan lese meir om innhaldet i podkasten og høyre den på Miljødirektoratets sine klimapodkastsider.