Publisert 18.mai 2021

På kompetansebørsen stiller fem personar frå Framtidslaben og TEFT-laben som mentorar. Det er Turid Hanken frå Ålesund kommune, Bjørn Gunnar Tafjord frå Høgskulen i Volda, Anja Standal frå Norconsult, Øyvind Strand frå NTNU/TEFT-laben og Anne Lise Sagen Major frå Framtidslaben.

Ein-til-ein-møte

Dei inviterer til ein-til-ein-møte der partnarane får 45 minutt til å legge fram ønske og problemstillingar som studentar kan jobbe med og forske på i bachelor-, master- eller doktorgradsoppgåver. I møta blir det også lagt vekt på å gi forståing for kva som kan passe til oppgåveskriving,  som at det er forskbare problemstillingar.

Etter møta med partnarane, vil Framtidslaben og TEFT-laben sørge for at problemstillingane går vidare til utdanningsinstitusjonar og studentar, og så tek rolla som mentorar.

Møte til gjensidig nytte

Meininga med den nye kompetansebørsen er å knyte studentar nærare til næringsliv og det offentlege. Det gir fordelar til begge partar. Studentane lærer meir om arbeidslivet dei skal ut i og arbeidsgivarane får tilgang til ny kunnskap og kan få løyst aktuelle problemstillingar samtidig som møta og samarbeidet vil vere ein arena for rekruttering.

Kompetansebørsen er et supplement til allereie etablerte relasjonar på tvers av akademia og arbeidsliv for å stimulere til enda meir samarbeid.

Interessert?

Ta kontakt med framtidsnavigatør Anne-Lise Sagen Major: anne.lise@unitedfuturelab.no