Publisert 07.okt 2021

Framtidslaben har bidratt med planlegging og gjennomføring av kurspakken og har delt sine tips og triks om berekraft saman med partnarane Spilka, Optimar og E-teams.

Arbeidet er gjort saman med Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune. Kurspakken skal vere ei verktøykasse for ungdomsbedriftene slik at dei kan utgjere ein faktisk forskjell i lokalsamfunna sine.

Ungt Entreprenørskap fungerer som ein brubyggar mellom utdanning og næringsliv. Kurstilbodet Bærekraftig Bedrift gir elevane ein fot innanfor næringslivet, og til å reelt bygge ei berekraftig framtid.

I kursopplegget får elevane blant anna lære meir om:

  • Kva berekraft er og kvifor det er viktig å tenke på når dei skal utvikle ei bedrift
  • Korleis nokre bedrifter jobbar med berekraft
  • Korleis elevane skal tenke heilskapleg om berekraft i si ungdomsbedrift

Du kan lese meir på Ungt Entreprenørskap sine nettsider.