Publisert 10.sep 2021

Å nå berekraftsmåla kan ofte virke like vanskeleg som å få ein firkanta kloss til å passe inn i eit rundt hól – og både firkanten og sirkelen er med som element. (Artikkelen fortset etter biletet)

grafisk element logo.JPG


Det er Vest Studio i Ålesund som har utvikla profilen til Framtidslaben i samarbeid med teamet i laben og vi er veldig fornøgde!

-Vest har klart å få tak i kjerna til Framtidslaben i denne profilen. Det at vi arbeider i nettverk og med mange forskjellige typar aktørar og at vi lever for å sjå prosjekt bli røynd gjennom slike møte. Vi takkar Vest for godt og fruktbart samarbeid, seier dagleg leiar Marielle Furnes Mannseth

Kristina Giske er dagleg leiar for Vest Studio:

Det er veldig gøy å jobbe saman med Framtidslaben om den nye visuelle identiteten. Dei arbeider på ein ny måte og identiteten skal samanfatte at laben er leiken og modig, men samtidig med eit klart føremål – å arbeide med konkrete prosjekt med forskjellige partnarar for å bidra til berekraftsmåla.

Eivind Molvær er designer hos Vest og har vore sentral i arbeidet med den visuelle profilen til Framtidslaben:

Å arbeide med Framtidslaben har vore eit ærefullt oppdrag som vi er svært stolte av å ha fått tildelt. Det har vore lærerikt på mange plan, ikkje minst har det vist oss at det fins både mot og handlekraft i Ålesund kommune, seier han.

Framtidslaben gler seg til å bruke sin nye visuelle identitet!

4_story.png
7_plakat_2.png