Publisert 12.mai 2020

Prosjektet skal utvikle datamodellar og ein interaktiv digital tvilling som viser kommunen. Gjennom SMART PLAN skal prosjektet finne ut korleis beslutningstakarane skal bruke det digitale verktøyet på best mogleg måte. Dette skal bidra til betre og mier effektiv kommunal planlegging.

Ålesund kommune er prosjektleiar og har søkt forskningsrådet om forskings- og utviklingsmidlar saman med Møre og Romsdal fylkeskommune, NTNU, Høgskulen i Volda og selskapet Offshore Simulator Center/AugmentCity. Det blei søkt om 7 millionar kroner, og det endelege beløpet blir klart etter kontraktsforhandlingar med forskningsrådet.

Framtidsnavigatør i Ålesund kommune, Anne-Lise Sagen Major er svært glad for at forskningsrådet løyver penger til prosjektet SMART PLAN:

-    Gjennom dette prosjektet, får vi testa ut eit unikt samarbeid mellom offentlege samfunnsaktørar, næringsliv og akademia. Innovasjonspotensialet er enormt og vekker interesse langt ut over vår eigen region.

Prosjektet koplar fag som tradisjonelt ikkje har samarbeidd.

-    Dette vil gi kompetanseheving og utvikle ny kunnskap som kan gå inn i undervisninga. Både Høgskulen i Volda og NTNU vil kunne knytte fleire studentgrupper opp mot prosjektet og Ålesund framtidslab – U4SSC ip. Framtidslaben er ein del av FNs program for utvikling av smarte og berekraftige samfunn - United for Smart and Sustainable Cities. Studentane vil kunne bidra med utvikling av nye idear og forslag til problemløysing innan dei ulike områda i prosjektet, seier Sagen Major.

Norges Forskningsråd er svært positive til SMART PLAN:

-    Ålesund har gått foran i arbeidet med å bli ein by som tenker kunnskapsbasert byutvikling. Som vertskommune for den andre FN-smartbylaben i verda, viser Ålesund korleis det er mogleg å være blant dei fremste innan berekraftig byutvikling sjølv om ein ikkje er ein metropol, seier administrerande direktør i Norges Forskningsråd John-Arne Røttingen.

Prosjektet skal teste og utvikle eit digitalt verktøy og vil kunne hente verdiar  i form av:

Betre beslutningsgrunnlag

Når samfunnet skal planleggast og det skal takast avgjerder, trengs det gode kunnskapsgrunnlag. Prosjektet SMART PLAN skal utvikle databasar, datamodellar og modellar som skal gi støtte når avgjerder blir tatt. Berekraft skal være grunnleggande for avgjerdene.

Økt effektivitet og reduserte kostnader i planprosessar

I dag blir det brukt store ressursar på innsamling og bearbeiding av data. Samtidig tar planprosessane lang tid og er vanskelege å kommunisere. Gode planprosessar med tidleg og god involvering, kan bidra til å skape forståeing for planane. Dette kan bidra til å redusere motsegn og bidra til at eventuelle konflikter blir løste så tidleg som mogleg. Visualiseringa kan være eit positivt bidrag når det gjeld å gjere planane og verknadane av dei lettare å forstå.  

Økt demokrati og tillit i samfunnet

Tidleg og god involvering sikrar tillit mellom myndigheitene og innbyggarane, og gjer at innbyggarane får bidra med relevant kunnskap og informere om kva interesser det er viktig å ivareta. Eit raskare tempo i samfunnet krev nye arenaar for involvering og samarbeid mellom det offentlege, akademia og næringslivet.

Eit meir dynamisk og interaktivt planleggingsverktøy vil gjere det lettare å ta avgjerder raskare og gjere samarbeid enklare. Det tverrfaglege fokuset i dette prosjektet - med utvikling av databasar og analysemodellar, visuelt simuleringsverktøy og planprosessar som blir til gjennom samarbeid, vil svare ut mange av dei utfordringane vi har i dag.

SMART PLAN vil bruke prosessen til Ålesundsregionens (Ålesund, Sula og Giske) klima-, areal- og transportplan (PAKT) som arena for datainnsamling og pilotering av verktøyet. Slik følger forskningsprosjektet gangen i den kommunale planprosessen, noko som gjer det mogleg både å teste ut og gjere tilpasningar av verktøyet blant ulike brukargrupper på ulike arenaer, samtidig som det blir henta inn erfaringar med bruken av desse.

På biletet:

Frå venstre Bjørn Gunnar Tafjord, seniorrådgivar FoU og ekstern verksemd ved Høgskulen i Volda, Dina Margrethe Aspen, førsteamanuensis ved institutt for internasjonal forretningsdrift ved NTNU, Anne-Lise Sagen Major, framtidsnavigatør i Ålesund kommune, Arthur Almestad regionansvarleg for Norges forskningsråd i Møre og Romsdal og Pierre Major, Head of Research OSC/AugmentCity.

- Fleire burde lære av Ålesund

Måndag 25. mai hadde Ålesund kommune og samarbeidspartnarane i SMART PLAN eit møte med kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

- Eg tenker noko av det viktigaste Ålesund har gjort, er å finne dei riktige partnarane å samarbeide med og ha eit åpent sinn, seier Astrup.

-  Ålesund har vist at det er mogleg å få til relativt mykje, sjølv med lite pengar. Dette handlar nok om kultur og haldningar. Pengar er ein måte å kome i gang på, men ofte handlar det om ein måte tenke på, fortset statsråden og legg til at satsingane blir lagt merke til.

- Det er veldig inspirerande å sjå at Ålesund har fått til så mykje i samarbeid med andre, og det bør være til inspirasjon for andre kommunar og byar i Noreg. Forhåpentlegvis legg det grunnlag for at andre kan lære av dei erfaringane Ålesund gjer seg, seier Astrup.

Måndag 25. mai hadde samarbeidspartnarane i SMART PLAN møte med kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup. Du kan sjå opptak av møtet:

.