Publisert 07.mai 2021

Verdsleiande nyskaping og utvikling i den maritime klynga har ofte vore forklart med korte avstandar mellom folk, uformelle møte – og gjerne praten på ferja over ei svele og ein kaffikopp. På ferja har dei som er nær problema møtt dei som kan bidra med problemløysing, og skissa på servietten har enda med eit nytt industrieventyr. Iallfall er det myten om sunnmøringen som vi liker å fortelje.

United Future Lab Norway låner «svele-metoden» og set praten i system. Vi får folk til å møtast og sørger for at dei har eit bord å møtast ved. Vi koplar saman kunnskap og folk med ulik bakgrunn frå forskjellige sektorar.

7. mai er det eit og eit halvt år sidan United Future Lab Norway opna, og rundt 500 dagar sidan 1. januar 2020 då laben offisielt vart sett i drift. Og kva har skjedd sidan då?

Forandring og forbetring

Så langt har vi 65 partnarar med på laget. I snitt er det omtrent ein ny partnar i veka. Vi opplever stor interesse for å vere med på «svele-metoden»; for å utvikle forretningsmoglegheiter innan framtidsretta løysingar for nærings- og samfunnsliv. Partnarane ser at klimautfordringane er den største utfordringa i vår tid, men også at det er her dei største forretningsmoglegheitene ligg – og at samarbeid er nøkkelen til å løyse utfordringane og utløyse moglegheitene. Det var desse verdiane Ålesund kommune såg då dei valde å starte Framtidslaben.

Vi har store, internasjonale namn på partnarlista, nasjonale selskap og lokale bedrifter og organisasjonar. Det er private selskap frå næringslivet, kommunar og offentlege selskap i tillegg til utdannings- og forskingsinstitusjonar. Fellesnemnaren er at dei vil vere med på å skape framtidsretta løysingar for samfunnet. Og ikkje berre har dei vilje, dei har også evne. Den kunnskapen desse partnarane har til saman, kan flytte fjell. Og det er det vi skal vi legge til rette for.

Det gjer vi ut frå fire pilarar som er ein utvida og systematisert versjon av «svele-metoden».

Svele-metoden

Møteplassar. Lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi får folk til bordet. Og med nøkkelposisjon i Norge og Norden på framtidsretta og berekraftig utvikling, har vi eit stort nettverk som kan takast i bruk.

Prosjektutvikling. Når folk møtest og nye idear og forretningsmoglegheiter oppstår, er Framtidslaben  klare til å gi støtte i prosjekta til partnarane. Vi har husrom og hjarterom, og deler av kunnskap om mellom anna prosjektleiing, søknadsskriving og nettverk.

Kunnskapsutvikling. I prosjekta deler vi kunnskap og koplar aktørar. I møta og eksperimenteringa mellom partnarane oppstår det ny kunnskap som skal delast og kome fleire til nytte.

Konferansar. Kunnskapen og inspirasjonen deler vi mellom anna på konferansar som The North West og andre arenaer både i Norge og ute i verda.

For menneske, miljø og økonomi

Med desse fire pilarane og FNs berekraftsmål som rettesnor, skaper vi utvikling som skal vere til nytte og gagn for menneska, for miljøet og økonomien. Akkurat slik FNs berekraftsmål handlar om samfunn, klima og økonomi.

Til no har arbeidet i Framtidslaben gjort at 40 prosjekt har sett dagens lys. Ein del er under planlegging, mange er i gang og nokre er ferdige.

Prosjekta handlar om konkrete kvardagsutfordringar som møbelkjøp og -gjenbruk, ladepunkt for anleggsmaskiner og korleis folk skal kome seg på jobb utan kø, kork og kaos. Det handlar om e-sport for å hindre utanforskap, førebygging i barnehagar og tettare koplingar mellom studentar og næringsliv. Det er datadeling og bildeling, robotar og digitale tvillingar.

Tilbakemeldinga frå ein partnarane våre, er at Framtidslaben har endra tankegangen, samtalen og måla i bedrifta. Og at det gir dei som bedrift auka konkurransekraft.

Tene miljøet og tene pengar

FN har verdas største byutviklingsorganisasjon, United Cities, som dei driv frå to stader i verda; Wien og Ålesund. Det gir Framtidslaben i Ålesund ein nøkkelposisjon både i Norge og i Norden. Ålesund er staden folk og bedrifter frå heile landet samlast til «svele-metoden».

Det vil skape nye arbeidsplassar og inntekter, kutte kostnadar og vere godt for miljøet for fleire enn oss i regionen.

Offshore Simulator Centre og Augment City er eit konkret eksempel på ein partnar som har fått nye moglegheiter og mange nye tilsette fordi det låg forretningsmoglegheiter i smarte og framtidsretta løysingar.

Partnarane har trua og tek sin del av rekninga, i praksis heile husleiga.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune har finansiert to stillingar ved Framtidslaben, stillingar som er med på å gi drivkraft til arbeidet. I tillegg har Ålesund kommune plassert nokre av sine folk på Framtidslaben i staden for på rådhuset.

Men endå viktigare er det at Framtidslaben og partnarane med «svele-metoden» har fått sett i gang prosjekt som til no har utløyst over 56 millionar kroner i støtte til regionen frå EU, Forskingsrådet og andre offentlege instansar. Støtta og pengane tør vi seie ikkje hadde vore der utan Framtidslaben.

Verktøy for framtidsretta verdiskaping

Resultata av prosjekta vil gi enklare og billegare drift av kommunar. Ein del av prosjekta i Framtidslaben får fart på innovasjon i kommunane slik at dei kan gi endå betre tenester til innbyggarane sine.

I tillegg triggar prosjekta nye produkt og produksjonsmåtar for næringslivet. Det gir auka konkurransekraft som igjen kan gi fleire arbeidsplassar. Med Framtidslaben si tilrettelegging for å dele desse løysingane ut over Norge sine grenser, kan det også gi auka eksport.  

Svele-metoden bidrog til ei verdsleiande maritim klynge på Sunnmøre. No går vi eit steg vidare. Framtidslaben blir verktøyet for eit breitt spekter av aktørar og næringar som ønsker å bli leiande på verdiskaping gjennom framtidsretta løysingar.

Profilbilde_Marielle.jpg

Marielle Furnes Mannseth
Dagleg leiar i Framtidslaben