Publisert 02.nov 2020

Vegen blir til medan vi går - også når det gjeld kva vi skal heite.

Etter å ha hett Ålesund framtidslab - U4SSC ip ei stund, har vi no landa på at eit betre namn på Framtidslaben er: United Future Lab Norway.

Og nei, det er ikkje jåleri at det er på engelsk :-). Vi har ei rolle, også internasjonalt og det er viktig at folk finn både oss og partnarane.

I daglegtalen vil vi framleis heite Framtidslaben - og skal vi vere ordentleg formelle på norsk: Framtidslaben Norge.

UNITED

Vi er framleis ein del av FNs program for smarte og berekraftige byar: U4SSC ip - United for Smart og Sustainable Cities implementation programme.

For å unngå vanskelege forkortingar, har vi vald å bruke United i namnet. Det signaliserer at partnarane er saman i arbeidet i Framtidslaben- og også samarbeidet med FN (UN på engelsk).

FUTURE LAB

Det fins fleire smartbylabar rundt om i verda - og det fins berekraftslabar.

Framtidslaben var den andre utviklingslaben som FN var med å initiere, og vi er framleis den einaste i sitt slag i Noreg. For å skilje oss frå andre labar, har vi vald å sette fokus på framtida.

Vi meiner at Future Lab/Framtidslaben dekker både smart- og berekraftigbegrepa; inga framtid utan å vere både smart og berekraftig.

NORWAY

Vi er den første Framtidslaben i Noreg i samarbeid med FN - og Framtidslaben har partnarar i næringsliv, offentlege instansar og organisasjonar som held til utanfor Ålesund og fylket. Vi arbeider nasjonalt og ønsker å understreke det, også i namnet. I tillegg gir fleire internasjonale partnarar og samarbeidet med FN eit behov for å plassere oss geografisk med meir enn kommunenamnet.

Vi håper det nye namnet fell i smak :-).