Publisert 16.nov 2021

Framtidslaben inviterer alle partnarar til kreativ og konstruktiv førjulssamling med kunnskapsdeling og mingling. 

Det er påmelding til dette arrangementet.

Vi ønsker at partnarane deler kunnskap og erfaringar gjennom ein elevetor pitch, og legg til rette for diskusjonar i etterkant. I tillegg vil Framtidslaben snakke med partnarane om korleis vi best mogleg kan samhandle og få fart på den framtidsretta utviklinga i 2022.

Elevator pitchen skal vere max 60 sekund der de presenterer eit av prosjekta de driv med eller eit tema de arbeider rundt, luftar utfordringar og ber om innspel frå dei andre partnarane. Om det er mange som ønsker å bidra, Vi vi legg opp til speed dating.

Påmelding

De kan melde dykk på i dette skjemaet og samtidig gje oss beskjed om de ønsker å bidra inn i ein elevator pitch.  

Vi serverer sjølvsagt gløgg og pepparkaker.

Velkomen!