Publisert 04.aug 2022

Mange i regionen har vore i kontakt med ”Open Space” og har uttrykt ønskje om å lære seg å bruke arbeidsforma i sitt eige arbeid. 

Open Space er ein resultatorientert og samskapande metode som kan brukas i alle samanhengar der menneske kjem saman for å finne vegen vidare i ein kompleks situasjon. 
Vi samarbeider med Thomas Herrmann om gjennomføringa av dette kurstilbodet. Han har 20 års erfaring med å fasilitere og å halde kurs i å arbeide med bruk av Open Space metoden. For meir info sjå: https://openspaceconsulting.co... 

Bak dette initiativet står Ålesund kommune, NAV, representantar frå frivillige organisasjonar og The North West.
Fullstendig invitasjon med høve til påmelding kjem i slutten av august. 
Kurset vert fysisk på Framtidslabben i Ålesund. Det vil bli ei kursavgift på ca 8 000,- (kan bli endringar). Vi vil halde av nokre sponsa plassar for den som ikkje har ein arbeidsgjevar som kan betale.