Publisert 07.jun 2021

Dina Margrethe Aspen er førsteamanuensis og leier den tverrfaglege forskingsarenaen Sustainability Analytics ved NTNU i Ålesund. Saman med Andreas Amundsen, sivilingeniør og koordinator for digital tvilling ved Framtidslaben i Ålesund, har dei skrive ein vitskapleg artikkel som no blir publisert i journalen Sustainability.

I artikkelen fortel dei om korleis dei brukte den generelle problemløysingsmetoden, SPADE, for å få berekraft inn i samfunnsplanen til Ålesund, Giske og Sula.
Andreas Amundsen seier dei er tidleg ute med å gjere forsøk på dette nivået, og resultatet viser at ein ved å denne typen system og metode kan få FNs berekraftsmål meir konkret inn i samfunnsplanlegginga.

Fekk retta opp i manglar

SPADE er ei forkorting for stakeholders, problems, alternatives, decision-making and continuous evaluation. Desse stega blei brukte for å knyte samfunnsplanlegginga til berekraftsmåla. Når ein analyserte problem, gjorde ein det direkte opp mot både generelle berekraftsmål og nøkkelområda i berekraftsanalysen som er gjort for Ålesund, Sula og Giske. 

Andreas Amundsen seier at dei i prosessen såg at område som transport og arealbruk var godt dekt i den tradisjonelle samfunnsplanlegginga, medan det mangla meir på korleis ein for eksempel skulle evaluere økologisk og økonomisk effekt av arealbruken. 

- Det er eksempel på at område som er lette å måle ofte vert teke meir omsyn til enn andre. Når vi fekk avdekt desse konkrete manglane, vart det også mogleg å utvikle fleire indikatorar og få fleire mål inn i samfunnsplanen, seier han. 

Meir konkret og klart

Forsøket frå Ålesund viser korleis ein ved å definere indikatorar og problem ut frå FNs berekraftsmål får berekraft til å bli ein praktisk og konkret del av planen og ikkje berre eit overordna ønske. 
Ved å bruke analyseverktøyet til FN som peiker ut 92 nøkkelpunkt har ein også eit system som hjelper til med å strukturere informasjon og synleggjere kva element som manglar i samfunnsplanen. 

- Forsøket vårt viser at ein ved å bruke dette systemet for å etablere ein problemstruktur for berekraftig samfunnsplanlegging, kan gjere eit komplekst planleggingsarbeid meir logisk, klart og tydeleg, seier Andras Amundsen. 

Berekraft for fleire 

Denne typen metodikk kan også fungere godt for å få fleire aktørar i samfunnsplanlegginga til forstå og ta i bruk FNs berekraftsmål enn berre dei kommunalt tilsette som arbeider med planen. 

Forskingsprosjektet er leia av Ålesund kommune gjennom Framtidslaben, United Future Lab Norway.