Publisert 25.apr 2022

Første delen av partnartreffet foregjekk digitalt på teams med fleire spennande foredrag om dagsaktuelle tema. Elisabeth Holvik sjefsøkonom i Sparebank 1 snakka om temaet Krig, økt geopolitisk spenning og inflasjon. Annemie Wyckmans professor ved NTNU snakka om EU sine strategiar for det grøne skiftet og kor viktig det er å gjere skiftet både vakkert og inkluderande for alle.

Temaet sirkulærøkonomi var sentral på partnartreffet. Jacob Mehus, Ceo i standard Norge snakka om betydinga av standardisering og Ann-Cathrin Hoffmann senior manager i BDO snakka om korleis man vel riktig rammeverk for rapportering.  

Del to av partnartreffet var fysisk på laben. Partnarane hadde ein sosial lunsj med quiz om både klima og økonomi. Deretter delte vi partnarane opp i grupper der dei diskuterte ulike tema innanfor grøn omstilling. Vi takkar alle partnarane som deltok på partnartreffet.