Publisert 20.okt 2021

Nyheitsbrevet for oktober tar opp fleire tema:

Partnartreff 16 000 tonn - om CO2-utslepp

United Future Lab Norway (Framtidslaben) inviterer til partnartreff 27. oktober kl 14-16.

Norge har som mål å redusere klimagassutslepp med 50 - 55 % innan 2030. I 2020 var utsleppa i Ålesund på nesten 300 000 tonn CO2. Kommunen har eit mål om å gå ned 60 % - dette tilsvarer 16 000 tonn kvart år fram mot 2030. For å nå dette målet, må vi sette dei kloke hovuda våre saman, på tvers av bransjar og sektorar, for å sjå korleis vi kan bidra.

I dette partnartreffet vil vi identifisere korleis vi kan bidra til å redusere dei samla utsleppa. Det gjeld korleis vi kan bidra og påverke både i vår eigen organisasjon og saman med partnarar - og korleis vi kan inspirere kvarandre med løysingar på tvers.

Innkalling er sendt på e-post til partnarar.

Internships

Framtidslaben har to internships i haust. Internshipet er ein del av InnoPraksis-prosjektet leia av NTNU ved TEFT-laben.

Bærekraftig Bedrift

Framtidslaben har vore med å utvikla ein kurspakke for ungdomsbedrifter som skal gjere det enklare for bedriftene å arbeide med berekraft.

Framtidslaben har bidratt med planlegging og gjennomføring av kurspakken og har delt sine tips og triks om berekraft saman med partnarane Spilka, Optimar og E-teams.

Andre saker 

Andre saker du kan lese om i nyheitsbrevet:

  • Framtidslaben sentral i EU-søknad
  • 2 millionar til utsleppsfrie gravemaskiner
  • Fleire nye partnarar

Les heile nyheitsbrevet.